Teikneserievinnarar

Sjå nokre av bidraga til teikneseriekonkurransen Ivar Aasen-tunet skipa til i 2003.

Gaute Linga (13), sjuandeklassing ved Kringlebotn skole i Bergen, vann Aasen-tunets teikneseriekonkurranse med ein serie basert på Ragnar Hovlands dikt "Over prærien". 

Det vart også kåra tre klassevinnarar: Martin Raknes Klauset frå Misund, Bård Melvær frå Florø og Kevin J. Galåen og Kim Philip Moe frå Oslo. I tillegg fekk Jan Rasmus Erdal frå Oppstryn, Øystein Waage frå Gvarv og Tor Helge Gjersund frå Kviteseid heiderleg omtale. 

Vinnarseriane blei - saman med mange av dei andre innsende bidraga - utstilte i Aasen-tunet våren 2003. 

Juryens grunngjevingar:

Hovudvinnar:
Gaute Linga, 7. klasse Kringlebotn skole, 13 år, Nesttun
 "Juryen er imponert, dette er heilt suverent. Det er tydeleg at dette er ein som har lese mykje teikneseriar! Kanskje er han særleg inspirert av Arild Midttun og Erna Osland sin Aasen-serie? Opninga er stilfull, og det heile er flott fortalt. Han tek seg tid, og teiknar lekkert og enkelt, men detaljert. Gratulerer!"

Teikneserievinnarar
Vinnarserie 550xbreid.gif



Klassevinnar 1.- 4. klasse:
Martin Raknes Klauset, 3. klasse, Raknes skule, Midsund
"Serien er tydeleg og han fortel effektivt og økonomisk, samtidig som han frigjer seg frå teksten. Vi kan følgje historia godt utan at all teksten frå diktet er med. Nasjonalkjensla er absolutt tilstades med klassiske måsar, bakkar, berg og kyst. Teikningane er reine og gode, dette er ein kar med fantasi og skapartrong!"

Teikneserievinnarar
525 midsund.gif



Klassevinnar 5.-7. klasse:
Bård Melvær, 6a, Florø barneskule, Florø
"I kvar einaste rute fortel han artig og livfullt. Det er volum i teikningane, gode uttrykk og tøffe karakterar. Detaljane viser fram humoren i serien. Dette er kreativt! Dersom serien hadde fylt ut heile arket, ville dette vore perfekt."

Teikneserievinnarar
525 floro.gif



Klassevinnar 8.-10. klasse:
Kevin J. Galåen og Kim Philip Moe, 10b, Bjøråsen skole, Oslo
"Ivar Aasen har ei stilig haldning her - han ser veldig cowboy ut! Katten er også veldig fin. Teikningane er uttrykksfulle. Serien får også eit pluss for dei artige kommentarane i bakgrunnen".

Teikneserievinnarar
ts2 700 Oslo.jpg



Heider og ære også til:
Jan Rasmus Erdal, 3. klasse, Oppstryn skule, Oppstryn
"Fargerike, fint komponerte og levende teikningar. Han fortel fritt og med eit glimt i auget!"

Teikneserievinnarar
525 oppstryn.gif



Øystein Waage, 6.klasse, Gvarv skule, Gvarv
"Artige kommentarar (er han Asterix-inspirert?), bra sluttpoeng. Serien er heilskapleg, rein og roleg, fargebruken er god. Ivar Aasen er veldig lik seg!"

Teikneserievinnarar
525 gvarv.gif



Tor Helge Gjersund, 8b, Kviteseid skule, Kviteseid
"Han er frigjort frå teksten og fortel ei original historie med personleg preg. Alt kjem godt fram, med artige kommentarar og ryddig framstilling. Juryen vel å sjå bort frå at han har gått ut over A3-formatet."

Teikneserievinnarar
525 Morgedal.gif



Bakgrunn
Rett over nyttår utfordra Nynorsk kultursentrum skuleelevar frå heile landet til å lage teikneseriar. Fylgjande tre dikt skulle vere utgangspunkt for teikningane:
• "Nordmannen" av Ivar Aasen,
• "Over prærien" av Ragnar Hovland
• "Kakelinna" av Geirr Lystrup.
Responsen var overveldande, og då fristen gjekk ut i slutten av januar, hadde det kome inn 728 bidrag frå 62 skular.
Dei fordelte seg slik:
Nordmannen: 213, Over prærien: 436, Kakelinna: 62, eige tema: 16.

I juryen sat Tiina Mänd (lærar ved animasjonslina, Møre folkehøgskule), Nils Axle Kanten, Odd Henning Skyllingstad, Morten Øverlie (studentar ved animasjonslina, Høgskulen i Volda) og Marit Neergaard (formidlingsleiar Nynorsk kultursentrum). Desse har no valt ut ein førstepremievinnar, tre klassevinnarar og tre som fortener heiderleg omtale.


(13.2./19.2.2003)