Striper, ruter, bobler (2003)

I utstillinga om teikneseriar legg vi vekt på både på dei nynorske seriane frå Smørbukk til Margarin, og serieteiknarar frå Jens R. Nilssen til Jens K. Styve.

Utstillinga blei opna på 60-årsdagen til den noverande Smørbukk-teiknaren, Håkon Aasnes, 13. februar 2003. Opninga var ved Gard Espeland, som mellom anna har omsett Hårek sidan 1973, og som har vore manusforfattar for Smørbukk.

I samband med utstillinga inviterte vi skuleelevar over heile landet til ein teikneseriekonkurranse. Vi fekk inn rundt 730 seriar, slik at heile Ivar Aasen-tunet ei tid var sterkt prega av teikneseriar. Her kan du sjå vinnarseriane.

Grafisk formgjevar for utstillinga var Aina Griffin. 
Striper, ruter, bobler (2003)
Plansje frå utstillinga.


Under arbeidet med utstillinga laga vi òg eit førebels oversyn over teikneseriar med nynorsk tekst.
 
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har laga ei godt oppdatert ressursside for nynorske teikneseriar.
Du finn også nynorske teikneseriar i nettbutikken handlenett.no.

Gå til skjema for å tinge utstillinga!