Store forteljingar for små øyre (2007)

I tusenvis av år har barn høyrt vaksne fortelje til dei. I nokre hundre år er dei også blitt lesne for.

For godt over 200 år sidan blei det vanleg at barn kunne lese sjølve. Då hadde dei lite anna å lese enn religiøse forteljingar og bodord. På dansk. Bøker og tekstar skrivne for barn blei først vanleg på 1900-talet. Lenge var det helst menn som skreiv, men frå 1970-åra har barneboka også vore ei kvinnesak. Først då kom også barnebøker på nynorsk i all si breidd. I dag er kvar åttande nye barnebok i biblioteka på nynorsk. Den forteljinga tek til for over hundre år sidan, på gardane Løland i Ryfylke og Sivle på Vossestrand. 
Store forteljingar for små øyre (2007)
Plansje frå utstillinga.
 
Utstillinga er laga i samarbeid med Ryfylkemuseet og Asker Museum, som begge laga si eiga utstilling om Rasmus Løland i 2007.
 
Utstillinga har fått tilskot frå Fritt Ord, Norsk kulturråd, og Rasmus Løland-markeringa 2007-2011.