Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket (2015)
Foto: Ivar Aasen-tunet

Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket (2015)

Anten vi likar det eller ikkje, er reklamespråket på alle bauar og kantar i samfunnet vårt i dag. Utstillinga "Språk til sals" ser nærmare på dette fenomenet.

Du opnar ei avis om morgonen, ventar på bussen, sjekkar om det har skjedd noko i den store verda. Eller slår på fjernsynet på kvelden. Om noko er sikkert, så er det at du blir utsett for at nokon vil selje deg noko. Kjøp! kunne det like gjerne stått. Men reklamespråket er meir subtilt enn det, sjølv om det er nettopp dét reklameskaparane vil at du skal gjere.

Utstillinga Språk til sals! er sett saman av 16 plansjar og seks banner. Den autoritative røysta vil ein ikkje finne – i staden er den berande bjelken i formidlinga det råkande sitatet, som utstillingsgruppa i Ivar Aasen-tunet har grave seg fram til i mykje av det som er sagt om reklame og språk.

Til utstillinga blei det også laga ein video i samarbeid med Atle Remmereit. Lånar må då stille med videoframvisar sjølv. 

Gå til skjema for å tinge utstillinga!