Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902 (2011)

Den store salmediktaren som ikkje var prest, den kjedelege stortingsmannen, språkgeniet, mannen som kristna landsmålet.

Mykje kan seiast om Elias Blix, og det blir det også gjort i temautstillinga Ordets sølvsmedkunstnar - Elias Blix 1836-1902. 
Blix står att som vår fremste salmediktar den dag i dag, og i 2011 blei det feira 175-årsjubileum for diktaren frå Nordland. 
Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902 (2011)
Plansje frå utstillinga "Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902".
 
 
Nynorsk kultursentrum laga ei utstillinga om Blix i 2002 med tittelen Mannen som kristna landsmålet. No var det tid for ein total revisjon av utstillinga, særleg sett i lys av at fleire sentrale verk er komne dei siste åra. Blix-biografien Ein betre vår ein gong av Anders Aschim er slik sett svært viktig. Det er også doktoravhandlinga Gudsord og folkemål - framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908, skriven av Per Halse. Det gjorde at det faglege grunnlaget for utstillingsarbeidet var heilt annleis.
 
Gå til fyldig omtale av Elias Blix på litteratursidene våre.