Olaug Nilssens basar (2006)

Olaug Nilssen var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006, og utstillinga blei opna 22. juni dette året.

Ho er fødd i 1977, og voks opp i Solheimsdalen ved Førde. Ho flytta til Bergen for å studere, og debuterte i 1998 med romanen Innestengd i udyr. Ho er først og fremst romanforfattar, men har òg prøvd seg som
Olaug Nilssens basar (2006)
Plansje frå utstillinga.
barnebokforfattar og essayist. I 2004 kåra Morgenbladet dei ti beste norske forfattarane under 35 år, og Nilssen var med på denne lista. Sidan juli 2003 har ho publisert bloggen "Eit eige rom med utsikt". Saman med Gunnhild Øyehaug starta ho det litterære tidsskriftet Kraftsentrum i 2005. 
Les meir om Olaug Nilssen i nettleksikonet Allkunne.