Menneske og språk på vandring (2016)
Plansje frå utstillinga.

Menneske og språk på vandring (2016)

Utstillinga "Menneske og språk på vandring" i Ivar Aasen-tunet går rett inn i vår tid og den store flyktningkrisa verda opplever i dag. I kjølvatnet av denne massive folkevandringa kjem også spørsmåla om identitet og kultur.

Språket, ein av dei viktigaste brikkane i nettopp identiteten vår, blir dessverre lite tematisert i denne samanhengen. Men det er på morsmålet tankane går føre seg, og det er i dette språkuniverset ein opplevde dei første og viktigaste åra av livet sitt.

Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar moglegheita til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare og må tilpasse seg eit heilt ny språkleg røynd?

Kva gjer det med menneske på flukt at dei opplever eit slikt språkbrot i liva sine? Kva innverknad har det på livet dersom ein blir meir og meir distansert frå morsmålet sitt? Er det i det heile mogleg å setje ord på denne opplevinga av språkskifte? Kor bra fungerer undervisninga i norsk for utlendingar, og kva skal til for å lykkast med det? Kva kan den vanlege mannen, kvinna og skuleeleven i Noreg gjere for at den språklege barrieren for innvandrarane i størst mogleg grad skal bli ein god overgang prega av dialog og inkludering, i staden for ei distansert oppleving som ebbar ut i segregerte kulturar? 

Menneske og språk på vandring (2016)
Banner frå utstillinga. Foto HumbersetFoto

Dette er hovudspørsmåla vi har ønskt å kaste lys over i denne temautstillinga frå det einaste språkmuseet i Norden, Ivar Aasen-tunet. Vi ønskjer med dette bidraget å setje lys på ei alvorleg utfordring, kanskje den største i vår tid. Språk og identitetskriser blir i lita grad tematisert i dei store overskriftene i det som no skjer i Europa og verda.

Siktemålet med utstillinga er å sjå både på notida og på fortida, men med hovudvekt på samtida. Å lage ei utstilling som tek for seg komplekse problemstillingar kring fleirspråklege og fleirkulturelle identitetar, vil vere eit bidrag til at nye folkegrupper i det norske samfunnet opplever å bli sett, inkluderte og betre integrerte. Utstillinga er slik eit innlegg i ei utvida demokratiforståing, og ein føresetnad for å delta i demokratiet er nettopp å kunne forstå, bli forstått og kjenne seg inkludert.

Sentralt i utstillinga er ein videoinstallasjon, der menneske kjem til orde om kva tilhøvet deira til morsmålet er, korleis det første møtet med det norske språket var, og kva det gjer med dei å måtte lære eit nytt språk. Lyden frå video-opptaka har vi også nytta i ein lydinstallasjon som går ute i det som heiter Gamlevegen i Ivar Aasen-tunet.

Formatet elles i utstillinga er trykte capaplater og banner, men eit, to eller tre sitat, og illustrasjonar. Til saman er det 12 capaplater á 50 x 50 cm, 4 capaplater á 50 x 90 cm, fire banner á 80 x 200 cm, og to tittelbanner á 70 x 200 cm.

Då utstillinga stod oppe i Ivar Aasen-tunet, var ho supplert av gjenstandar som t.d. private notatbøker frå norskundervisning. Desse gjenstande blir levert attende, og er difor ikkje tilgjengeleg for lån i vandreutstillinga. Vi oppmodar likevel til å hente inn unike gjenstandar i dei respektive lokalsamfunna utstillinga blir vist i. Vi stilte også ut ein del undervisningsmateriell i norsk som andrespråk.

Utstilling har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.  

Gå til skjema for å tinge utstillinga!