Makta i språket. Ei utstilling om språk, makt og demokrati (2014)

Korleis heng demokrati og språk saman? Finst det samfunn i verda der språkbarrierar står i vegen for eit godt demokrati?

Og korleis er no eigentleg stoda i Noreg på dette punktet, før og i dag? Temautstillinga som opna under Dei nynorske festspela 2014, set språk, makt og demokrati under lupa.

«Demokratiets grunnlag er at menneske deltek. Skal ein delta, må ein forstå. Og for å forstå, må ein meistra språket.» Det sa dåverande kulturminister Hadia Tajik då ho opna Språkåret i Kristiansand i 2013. At grunnlovsjubileet kom året etterpå, var snedig, for då var det gunstig for språkmuseet Ivar Aasen-tunet å lage ei utstilling om språk, makt og demokrati. 

Makta i språket. Ei utstilling om språk, makt og demokrati (2014)
Plansje frå utstillinga "Makta i språket". Foto Ivar Aasen-tunet

Språk er makt er tittelen på ein lærebokklassikar frå 1970-talet. Innfallsvinkelen då var i svært stor grad kjønn, og vi veit jo at det har skjedd ei endring i det norske språket sidan då. Det heiter til dømes ikkje formann lenger; det heiter kort og godt leiar. Språket kamuflerte tidlegare strukturar i samfunnet som føresette eit mannsdominert arbeidsliv.

Språk er altså ein fundamental eigenskap hos mennesket for å kunne medverke og delta i samfunnet. Ja, kanskje den viktigaste evna vi har, og attåt dette følgjer eit stadig meir komplekst samfunn som set krav til gode lese- og skriveferdigheiter.

Får alle høve til å delta i folkestyret når deltakinga set slike krav?

Gå til skjema for å tinge utstillinga!