Lån ei temautstilling

Vi låner gjerne ut temautstillingane vi har laga. Fyll ut skjema her.

Vi har så langt produsert over 30 temautstillingar, som vi gjerne låner ut.

Sjølve ustillinga er gratis å låne, ein betaler berre for frakt attende og forsikring for denne frakta. Les meir om avtalevilkår i utlånsavtalen

 

Lån ei temautstilling
Alle utstillingane er redigerte etter prinsippet om opne tekstar. Det vil seie at vi ikkje legg inn lange forklaringar, men så langt råd er bruker sitat frå og om dei viktigaste aktørane, som kvar på sin måte kastar lys over viktige trekk over emnet for utstillinga. Vi har brukt eit allsidig biletmateriale som på sin måte kan vekkje interesse hos publikum. Utstillingane er laga slik at dei kan opplevast som like aktuelle om nokre år som i dag. Der er difor ingen referansar til  årstal "2003" e.l. 
Lån ei temautstilling
Temautstillingane våre blir pakka i hendige kasser frå Rufo.


Der ikkje anna er nemnt, er utstillinga sett saman av desse elementa:
  • 13 plansjer på capa-plater, 50 x 50 cm
  • 1 (eller 2) informasjonsbanner, 70 x 196 cm
  • Utstillingar som er laga etter 2006, har som regel frå 3-5 rullebanner òg, 80 x 200 cm
For nokre av utstillingane er det i tillegg råd å låne tilleggsmateriale, som til dømes historiske avisartiklar. Til kvar utstilling har vi laga ei enkel publikumsbrosjyre. Tekstane her kan de få digitalt for tilpassing til eigne standardar.

For meir informasjon om utlån, kontakt dokumentasjonsleiar Anders Aanes,
 eller telefon 70 04 75 80.