Kryssord og magi - Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten (2012)

Kvar kjem songen frå?

All lyrikk har ein gong vore brukslyrikk, heiter det seg i faglitteraturen om kvar songen kjem frå. I dette ligg det ei oppjustering av sjangeren og ei realitetsorientering om kor utbreidd og viktig han er.

«Det du skriv, Arne Moslåtten, glir so lett inn og set seg fast i skallen på so mange tå uss», skriv Terje Engebakken i Hallingdølen i fjor, i rein hylling av bandet som feira 20-årsjubileum i 2011. Det må vel vere ei rimeleg god stadfesting på at songtekstane fungerer bra saman med musikken. Og nett det har vore eit mål for festspeldiktar Moslåtten heile vegen; at språket skal fungere på ein rytmisk god måte saman med musikken. 
Kryssord og magi - Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten (2012)
Plansje frå utstillinga "Kryssord og magi".

I temautstillinga Kryssord og magi. Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten, prøver vi å gi eit bilete av delar av tradisjonen innanfor songlyrikk. Kva for metode brukar tekstforfattarane? Kvar får dei inspirasjonen sin frå? Og korleis oppstår magien i møte med musikken? Dette, og meir til, er noko det blir sett lys på. Som vanleg har vi valt å gi andre ordet, i form av det slåande og poengterte sitatet. 

Utstillinga tek utgangspunkt i Hellbillies-songen «Ei krasafaren steinbu», ein tekst som har eit spesielt opphav. Meir enn nokon annan sjanger, viser nemleg songlyrikken ei særleg lyst til samspel med annan tekst. Samstundes kjem det klårt fram at det i tekstforfattarens univers ikkje alltid er reglar; det er det som fungerer som tel.

Gå til skjema for å tinge utstillinga!