Klassisk kulturarv (2004)

Den nynorske skriftkulturen var tidleg open for impulsar frå utlandet, og ei lang rekkje sentrale verk frå verdslitteraturen er omsette til nynorsk.

Utstillinga viser linjene frå Europa til den norske bokheimen, og presenterer nokre av dei mest sentrale omsetjarane.

Utstillinga blei laga i samarbeid med Eirik Vandvik-nemnda i Suldal, i samband med at det var 100 år sidan Vandvik blei fødd. 
Klassisk kulturarv (2004)
Plansje frå utstillinga.


Utstillinga blei første gong vist i Bærum september 2004, og har i alt 18 plansjar.