I Edvard Hoems tid (2005)

- Å skrive er for meg å stille eit sakn, å fylle ut ein mangel, å rette på ein feil.

Dette skriv Edvard Hoem i ein nyskriven tekst for denne utstillinga. 
I Edvard Hoems tid (2005)
tema_hoem.jpg
Hoem har ein svært brei og variert forfattarskap bak seg, og det er uråd å vise fram alt dette i ei utstilling. Tid er eit nøkkelomgrep i forfattarskapen til Hoem, og det viser att i utstillinga. Eine halvdelen handlar om levd tid, den andre om tider i bøkene hans.

Hoem var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2005, og utstillinga blei opna 23. juni 2005.