Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik (2011)

Kva vil det seie å vere forelska? Og hugsar du korleis det var å vere ung og forelska?

Temautstillinga Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik tek for seg desse temaa. Ho blei laga til Dei nynorske festspela 2011, då Bjørn Sortland var festspeldiktar. Sortland har skrive mykje for ungdom, og er oppteken av det store K-ordet. Kjærleik var også tema for Festspela 2011. 
Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik (2011)
Plansje frå utstillinga med måleri av Ida Lorentzen, Nostalgia, 2009.

 

Sitat frå utstillinga:

"Fingrane våre har funne kvarandre, hjertet mitt har flytta seg ut i venstre hand og ligg der og dunkar og skjelv." 
Linn T. Sunne, Blå blondine, 2008

"Eg ser for meg korleis han brukar å gå opp trappa. Og så det eg likar aller best, augneblinken når han får auga på meg. Smilet som begynner forsiktig i eine munnviken, og det vesle nikket. I grunnen er det rart at me helsar på kvarandre, for eg har jo aldri snakka med han."
Ingelin Røssland, Flyt, 2009

 

Gå til skjema for å tinge utstillinga!