Halldis i livet. Halldis Moren Vesaas 1907-1995 (2007)

Utstillinga tek for seg den folkekjære diktaren, omsetjaren og kulturpersonlegheita Halldis Moren Vesaas.

På premierefesten for Tolvskillingsoperaen ved Det Norske Teatret i februar 1992 sa teatersjef Otto Homlung at ”det er to ting som får eit norsk publikum til å reise seg: ”Ja, vi elsker” og Halldis Moren Vesaas”. Denne
temautstillinga viser korleis ho fekk denne posisjonen. 
Halldis i livet. Halldis Moren Vesaas 1907-1995 (2007)
Plansje frå utstillinga.
Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil. Ho debuterte i 1929, med diktsamlinga Harpe og dolk, der ho blei den første norske lyrikaren som presenterte eit sterkt kvinneleg subjekt i dikta sine. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas, og dei slo seg ned på garden Midtbø i Vinje i Telemark. I 1955 kom diktsamlinga I ein annan skog, som blei den siste diktsamlinga hennar på førti år. Ho arbeidde meir og meir med teateromsetjingar, og omsette 53 stykke, dei fleste for Det Norske Teatret.

Utstillinga blei første gong vist under Litteraturdagane i Vinje fredag 21.9.2007, og blei opna av Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.