Diktarens utvegar. Olav H. Hauge 1908-1994 (2008)

– Vi viser ting ingen har sett før, og vi fortel ei historie om Olav H. Hauge på ein måte ingen har gjort før.

Diktarens utvegar. Olav H. Hauge 1908-1994 (2008)
Det seier direktør Ottar Grepstad om utstillinga om Olav H. Hauge, som første gongen blei vist i Ivar Aasen-tunet søndag 3. februar 2008. Der er diktet ”Mi røynd skal forgå” trykt for første gong. Utstillinga har fått tittelen Diktarens utvegar.
– Utstillinga er vår undring over spørsmåla om kva løysingar ein diktar kan velje og kva utvegar han har, seier Grepstad.
 
Utstillinga er laga i to eksemplar, og det andre eksemplaret forvaltar Hauge/Tveitt-jubileet. Grepstad reknar med at mange bibliotek og kulturinstitusjonar vil låne utstillinga i jubileumsåret.
 
– Det var vore rørande for oss å arbeide med dette stoffet, og vi håpar publikum får den same undringa som vi over alt det store dei skapte, Vesaas og Hauge, seier Ottar Grepstad.
– Alt som blir sagt i denne utstillinga, er Hauge sine eigne ord. Tenk å kunne bruke ei utsegn som den Hauge kom med i ein samtale med Jan Erik Vold for tretti år sidan:”Det er sagt ordet er det hardaste av alle material å arbeida i, verre enn å arbeida med tonar eller fargar eller marmor.”
 
Diktarens utvegar er temautstilling nr. 21 frå Nynorsk kultursentrum.
 
Utstillinga om Olav H. Hauge er laga med støtte frå Hauge/Tveitt-jubileet 2008.