Lokalt kultursekktilbod
Foto: Sunniva Lund Osdal

Lokalt kultursekktilbod

Eit lokalt tilbod for elevar i Ørsta og Volda kommune.

Tilbodet blir gitt kvart år for elevar på 3., 6., 8. og 10. trinn i Ørsta og Volda og er eit samarbeid med dei to kommunane. Tema for tilboda er Ivar Aasen, arkitektur, litteratur og språk. Det er muleg også for andre kommunar å ta kontakt for å lage liknande tilbod.

3. trinn: Bli kjend med Ivar Aasen

Kvart år i september får elevar på 3. trinn komme i tunet og bli meir kjend med Ivar Aasen. Dei får sjå filmen om Ivar Aasen inne i Salen. Dei får vere med ut i Gamletunet og sjå kvar han vaks opp og høyre historier frå då han var liten. Inne i utstillinga får dei høyre om den vaksne Ivar Aasen, dei får høyre om livet hans i Kristiania, sjå boksamlinga hans og gjenstandane han etterlet seg då han døydde. Vi legg også opp til praktiske aktivitetar for borna under besøket.

6. trinn: Det ligg mellom linjene

Ivar Aasen-tunet er teikna av den kjende arkitekten Sverre Fehn. I dette besøket får elevane på 6. trinn lære meir om arkitektur, om arkitekten Sverre Fehn, og dei får lære meir om arkitekturen i Aasen-tunet. Etter ei fagleg innføring går dei på skattejakt i bygningen der dei brukar det dei har lært til å leite seg fram og til å svare på oppgåver. Økta blir avslutta med ei praktisk oppgåve knytt til arkitektur, Sverre Fehn og Ivar Aasen-tunet.

8. trinn: Festspela ut til skulane

I samband med Dei nynorske festspela som blir avvikla i juni kvart år, brukar 8. trinn å få besøk av ein forfattar som skal vere med under festspela. Oftast er dette årets festspeldiktar. Her får elevane eit møte med forfattaren, noko av det han har skrive, og korleis han tenkjer og arbeider når han skriv. Av og til blir det lagt opp til ei skriftleg oppgåve for elevane under eller etter besøket.

10. trinn. Snakk om språk! i tunet

Den populære Dks-produksjonen vår "Snakk om språk!" kjem til Aasen-tunet ei veke kvar haust og har framsyningar for 10.-klassingane i Ørsta og Volda. Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem dei inn på elevars og eigne haldningar til språk. Dei diskuterer skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkendringar, språk og makt og språkleg vane.