Omvisingstilbod for skular
Foto: Kib og Morits

Omvisingstilbod for skular

Vi tilbyr eigne temaomvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Ta kontakt, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

Dei ulike omvisingsopplegga varer i om lag 90 minutt, men vi tilpassar lengda på opphaldet slik de ønskjer det. Det er også mogleg å kombinere fleire av tilboda nedanfor.

Livet og arbeidet til Ivar Aasen

Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen. Deretter gir vi ei omvising ute i Gamletunet og inne i basisutstillinga. Elevane får eit innblikk i dei gode historiene om Ivar Aasen, dei får sjå tinga hans og blir meir kjende med kven han var og kva han gjorde. Etter omvisinga kan dei vere med på oppdagingsferd i utstillinga, eller elevane kan gå rundt fritt sjølve.

Alle klassetrinn

Arkitektur

Elevane får her ei innføring i tankane bak hovudbygningen i Ivar Aasen-tunet og kunnskap om arkitekten Sverre Fehn som har teikna bygningen. Etter ei fagleg innføring får elevane gå på jakt etter ulike detaljar i huset og jobbe med oppgåver der dei både må bruke det dei har lært og tenkje kreativt for å finne fram til svara.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Dialektar

Vi ønskjer å gjere elevane medvitne den unike situasjonen vi har i Noreg med stor dialektrikdom og toleranse for dialektbruk. Vi gjer elevane kjende med viktige målmerke. Til slutt spelar vi dialektspelet saman i salen.

Ungdomstrinn og vidaregåande

Nynorske teikneseriar

Opplegget tek for seg særpreg ved teikneseriar som samansett tekst, og elevane blir gjort kjende med ulike nynorske teikneseriar. Læreplanen legg vekt på at elevane frå dei startar i skulen skal utvikle kompetanse i å lese og produsere ulike typar samansette tekstar. I dette opplegget samtalar vi om lesing av samansette tekstar og korleis vi blir påverka av lyd, bilete og språk. Om ønskjeleg, kan elevane få oppgåver knytt til stoffet.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Nynorske dikt

Gjennom opplegget ønskjer vi å gi elevane meir kunnskap om diktsjangeren og kjennskap til fleire nynorske dikt. Elevane får kjennskap til eit utval eldre og nyare dikt gjennom høgtlesing og presentasjon. Om ønskjeleg, kan elevane få oppgåver knytt til stoffet.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Ivar Aasens verk med Ivar Aasens ordtak

I dette foredraget får elevane kjennskap til eit utval tekstar frå Ivar Aasen sin forfattarskap gjennom høgtlesing og presentasjon. Om ønskjeleg, kan elevane få oppgåver knytt til stoffet.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Samtidslitteratur

Læreplanen i norsk fortel oss at elevane mellom anna skal kunne presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval sentrale samtidstekstar, og samtale om form, innhald og formål i litteratur. I dette foredraget får elevane eit innblikk i kva som kjenneteiknar samtidslitteraturen i Noreg, og dei får presentert eit utval nye nynorske bøker gjennom høgtlesing og samtale.

Mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande

Litteraturformidling og høgtlesing

I dette opplegget formidlar vi ei eller fleire bøker gjennom høgtlesing. Vi samtalar om innhald og gir rom for fri refleksjon. Høgtlesing av ulike sjangrar aukar den litterære kompetansen til elevane og fremjar leselyst. Høgtlesing er ikkje berre for dei minste i skulen, og dette tilbodet kan tilpassast ulike grupper.

Alle klassetrinn

Om Allkunne og kjeldekritikk på internett

Todelt foredrag der elevane både får nærare kjennskap til det kvalitetssikra nettleksikonet Allkunne, og får lære om kjeldekritikk. I vår tid då nærast kven som helst kan skrive kva som helst på internett, er fri tilgang til kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet. Men i dagens digitale samfunn er ikkje det alltid like lett å vurdere kjeldene og vite kva ein kan stole på. Foredraget gir reiskapar til kjeldekritisk refleksjon, og elevane får lære om kva som påverkar flyten av informasjon på internett.

Ungdomstrinn og vidaregåande

Prisar:

20 kroner per elev

Lærar går gratis 

Matpause

Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand. Sjå eigen meny for skuleklassar. 

For meir informasjon kontakt oss på telefon 70 04 75 70 eller admin@aasentunet.no.