Kulturprogram for barn
Foto: Ivar Aasen-tunet

Kulturprogram for barn

Gjennom heile året har vi fleire arrangement som er retta mot barn og unge i Ivar Aasen-tunet.

Innhaldet i kulturprogrammet vekslar mellom blant anna teaterstykke, konsertar, bokformidlingar og forfattarbesøk.

Vår

I vårprogrammet er det alltid eit eller to arrangement for barn og barnefamiliar. I tillegg har vi framsyningar med tunkatten Lurivar i påskeveka.

Sommar

Under Dei nynorske festspela er det fleire arrangement for barn og unge retta mot ulike aldersgrupper. Kunstuttrykk, tema, formidlingsform og arena brukar å variere.

Haust

I haustprogrammet har vi eit eller to barne- og familiearrangment i tunet, og før jul har vi familiedag med arrangement i Salen, barnekunstutstilling og juleverkstad.

Alle arrangement i tunet gir gratisbillett inn i basisutstillinga. I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet finn ein ei rekkje installasjonar som fortel meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Under barnearrangement brukar vi å ha barnevennleg meny i kaféen.

Hausten 2019

Søndag 13. oktober kl.15.00: Familieteater Pling vaken

Søndag 8. desember kl. 15.00: Familiedag med juleverkstad, kunstutstilling og vising av animasjonsfilmen Zara og dei: Gorillahjerne til middag

 

Meir informasjon om arrangementa kjem.