Han skapte framtid

Sverre Fehn 23.02.09
Så kom den dagen vi ikkje ville vite om. Måndag 23. februar 2009 døydde han som skapte framtid. Sverre Fehn blei 84 år gamal.
 
Det nyttar ikkje å springe etter fortida, sa Sverre Fehn fleire gonger, for den tek du ikkje att likevel. No er hans eige kapittel i norsk kulturhistorie og internasjonal arkitekturhistoria lukka. Sverre Fehns samla verk, både dei som blei bygde i tre og betong, og dei som blei verande papir, er eit livsverk det blir umogleg å oversjå og redusere til fortid. I alt han gjorde, tok han med seg tradisjonane, impulsane, formene som så mange hadde vore med og utvikla. Frå det første og avgjerande møtet med tomta fram til siste spikaren var slått i, leita han etter den enklaste løysinga, men aldri den lettvinte.  
 
Han skapte framtid
Sverre Fehn
 
Han var ein reinskoren kunstnar. Berre dei kunstnarane som er så store at dei er trygge på sitt eige, er pragmatiske når verket møter kvardagen. Ikkje slik å forstå at ikkje Sverre Fehn visste kva han ville. Det visste han så godt at han ikkje trong dirigere kvar eit bilete kunne hengje eller kvar skapet skulle stå. I dei romma han teikna, gav løysingane ofte seg sjølv; det var så synleg kva som var rett å gjere og kva som berre blei feil.
 
Fleire år før Stortinget hausten 1995 vedtok at Ivar Aasen-tunet skulle byggjast, fekk kulturminister Åse Kleveland på sitt bord ideen om at det var Sverre Fehn som burde teikne det nybygget. På den tida var Fehn ein omstridd arkitekt. For dei som dreiv fram ideen om Ivar Aasen-tunet, var nettopp eit slikt radikalt og omstridt val det beste. På same måten som Ivar Aasen og nynorsk skriftkultur har vore omstridde og tiljubla, skulle det nye dokumentasjons- og opplevingssenteret gå inn i si tid og vise at denne tunge språktradisjonen hadde framtid å ta av. I staden for konvensjonelle tradisjonsuttrykk som kunne gi assosiasjonar til bygdesamfunnets rosemåling, treskurd og torvtak, gjaldt det å skape ein stad som var by og bygd i eitt. Det var det Fehn gjorde, men som i alle sine andre verk tok han også her fortida inn i framtida. Difor støypte han naturens mønster frå treverket inn i handfast betong og la torvtak over.
 
Kven kunne vel vite at før Aasen-tunet stod ferdig, kom Sverre Fehn i 1997 til å få den store internasjonale arkitekturprisen Pritzker’s Prize og med det brått bli like beundra som han før hadde vore omstridd? Det siste tiåret var ei signingsferd som blir få kunstnarar til del medan dei enno kan ta det innover seg.
 
Det første hovudverket hans ligg i Venezia, det siste i Oslo. Dei fleste bygningane hans er derimot festa til grunnfjellet utanfor byane. Det fortel noko om det norske samfunnets vilje til å satse på mange livsformer. I det store landskapet som blir kalla Noreg, er det som regel romsleg mellom husa. Nettopp i det landskapet kjem Sverre Fehns verk til syne og til sin rett. Det er ikkje den som ropar høgast, som blir høyrd lengst.   
 
Blant Sverre Fehns mange verk er seks museum. Vi som driv desse musea, danna sommaren 2008 eit Fehn-forum for å ta vare på det han gav oss. Når vi møtest att på Hedmarksmuseet på Hamar i april, gjer vi det i vissa om at no er ein del av Sverre Fehns livsverk vårt ansvar. Større ære kan ingen kulturinstitusjonar få enn å forvalte slik brukskunst. 
 
Når vi tek flagget ned frå halv stong i Ivar Aasen-tunet, gjer vi det med eit løfte om at på Sverre Fehns fødselsdag 14. august vil vi kvart år feire han som skapte framtid berre ved å teikne kloke strekar med krit på tavla og blyant på papir.
 
Ottar Grepstad, direktør Ivar Aasen-tunet