iStock-466268301 1280pix.jpg
Foto: iStock Pogonici

Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

Når:
-
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050507070

Foto- og temautstilling om språk og identitet.

Politikar, lærar og nynorskbrukar Marit Nerås Krogsæter opna utstillinga 1. juni, og stilte spørsmål ved det statiske i omgrepet identitet. 

– Er identitet eigentleg noko som er statisk og som me har gjennom heile livet, eller er identitet noko ein kan leggje frå seg som ein gløymt ryggsekk i hattehylla i bussen? Kan ein eigentleg miste identiteten sin? stilte ho spørsmål ved.

– Sjølv ser eg på identitet som eit unikt puslespel som er deg, som er meg, som er oss. Eg trur ikkje at nokon kan vere akkurat den same som nokon andre, sjølv om ein kan ha likskapstrekk med einskilde grupper, miljø eller familien. Puslespelet, som er deg, er sett saman av mange ulike identitetar, for eg trur ingen kan vere ein identitet åleine.

Nerås Krogsæter hadde også inntrykk av det ofte er lett å setje merkelappar på folk, eller å bli sett i bås. Sjølv blir ho framleis kalla ungdomspolitikar, sjølv om ho har vore lengre i politikken enn mange som er eldre enn henne.

Innandørs har utstillingsmakarane i Aasen-tunet gått så langt som å snekre ein bås for å illustrere nettopp at det er lett å bli sett i bås når det gjeld identitetar. Inne i sjølve båsen kan ein sjå inn i eit kikkeskåp, der ein vil oppdage forvitnelege sitat om emnet.

Det har også blitt laga ein videoinstallasjon med sju personar, som svarar på det fundamentale spørsmålet «Finst det ein nynorsk identitet?». Mellom desse er Linda Eide, Geir Hjorthol og JON OLAV.

Fotoutstillinga utandørs er ein ny stor satsing frå Aasen-tunet, og det er fotograf Anne-Marte Før som står bak dette prosjektet. Tanken er å vise at det ofte berre er språket som er felles for nynorskbrukarane. Før var sjølv til stades på opninga av utstillinga, og nytta høvet til å takke personane som har stilt opp på dette prosjektet.

Utstillinga vil stå framme heile sommaren og hausten. 

 

Opningstider og prisar

1. juni–15. august:
Måndag–fredag kl. 10–17
Laurdag og søndag kl. 12–17
Ope etter avtale utanom vanleg opningstid

16. august–31. mai:
Måndag–fredag kl. 10–16
Søndag kl. 12–17
Laurdag stengt

 

Vaksen 100
Barn (0 - 5 år) Fri
Barn (6 - 16 år) 50
Student 50
Honnør 70
Familie (barn og inntil 2 vaksne) 220
Gruppe (min. 15 personar, pr. pers) 70
Skuleelev (klassebesøk) 20
Barnehageborn Fri

 

Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.
Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.
Vi opnar gjerne Ivar Aasen-tunet for grupper (min. 15 pers.) utanom opningstidene. Då kjem det eit tillegg i prisen på 25,- pr. person.

Øystein Vidnes, Simone Stibbe, Brit Bildøen, Jan Inge Sørbø, Rune Klakegg og Cecilie Schilling
Øystein Vidnes, Simone Stibbe, Brit Bildøen, Jan Inge Sørbø, Rune Klakegg og Cecilie SchillingFoto: Privat, Tove K. Breistein, Linda Cartridge, Agnete Brun, privat, Alessandra Langum.

Boknatta: Klassikarar på nynorsk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
300200 (student og ungdom)250
Kjøp billettar

Haustens litterære høgdepunkt i Ivar Aasen-tunet er Boknatta torsdag 1. november. I år er det ein serie handplukka verk frå verdslitteraturen som står i sentrum, og det blir både opplesing, samtalar og musikk knytt til denne serien. Blant forfattarane, omsetjarane og litteraturvitarane som kjem til Boknatta i år er Brit Bildøen, Øystein Vidnes og Jan Inge Sørbø.

Frankenstein 200 år
Øystein Vidnes i samtale med Svenn-Arve Myklebost

Gertrude Stein – Alice B. Toklas’ sjølvbiografi
Brit Bildøen i samtale med Jan Inge Sørbø

Kvifor klassikarar på nynorsk?
Simone Stibbe og Jan Inge Sørbø

Musikk ved Rune Klakegg og Cecilie Schilling
Tekstar av Brit Bildøen inspirert av Gertrude Stein og hennar karakter Alice B. Toklas

– Forlaget Skald har satsa tungt på denne klassikarserien, som har blitt hylla av både kritikarar, forfattarar og publikum. Det var inga sjølvfølgje at dette skulle bli den braksuksessen det har vorte, og difor har vi også invitert forlagsredaktør Simone Stibbe til ein samtale om tankane bak storsatsinga, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Mary Shelleys Frankenstein eller den moderne Prometevs er andre bok i denne klassikarserien. Det opphavlege trebandsverket blir ofte sett på som verdas første science fiction-roman og har hatt enorm påverknad på seinare litteratur og populærkultur, ikkje minst film. Romanpersonen Victor Frankenstein og det namnlause monsteret hans er blitt omgrep på mange språk. Omsetjar Øystein Vidnes samtalar med Svenn-Arve Myklebost frå Høgskulen i Volda om denne boka, som kom ut for 200 år sidan og framleis er aktuell.

Den nyaste utgivinga i serien er Alice B. Toklas’ sjølvbiografi av Gertrude Stein, i Brit Bildøen si språkdrakt. Bildøen samtalar med Jan Inge Sørbø om denne kultklassikaren, som er ein verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris på byrjinga av 1900-talet. Verka til Stein var så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blir ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad.

Inspirert av Gertrude Stein og karakteren Alice B. Toklas, har Brit Bildøen også skrive songtekstar. Desse har Rune Klakegg tonesett, og saman med Cecilie Schilling lagar dei ei stemningsfull musikalsk ramme rundt kvelden.

– Eg har vakse opp med å kunne lese verdsklassikarar på tysk, som er morsmålet mitt. Då eg oppdaga at så lite av verdsklassikarane er omsette til nynorsk, vart eg svært overraska. Alle bør kunne lese verdas viktigaste verk på det språket som er dei nærast, seier forlagsredaktør Simone Stibbe i Skald.

Utstillingane, butikken og kafeen er opne både før og under Boknatta, med gode tilbod og smakar. På menyen i kafeen står heimelaga suppe.

 

Les meir om Brit Bildøen på Allkunne.no

Les meir om Jan Inge Sørbø på Allkunne.no

Les meir om Øystein Vidnes på Allkunne.no

Kjøp Skald-klassikarane på Handlenett.no