IMG_4385.JPG

Temautstillinga "Menneske og språk på vandring" (står til 24.11.)

Når:
-
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, basisutstillinga
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
8018040406060

Kva gjer det med folk å måtte gå inn i eit heilt nytt språksamfunn, og kva gjer det med tilhøvet deira til morsmålet? Onsdag 15. juni opna temautstillinga «Menneske og språk på vandring» i Aasen-tunet. Sentralt i utstilling er ein videoinstallasjon der publikum får møte menneske som har eit anna morsmål enn norsk. Med billetten følgjer også inngang til basisutstillinga.

Bibel over alle grenser
Bibel over alle grenserFoto: Forskingsdagane, www.hivolda.no

Forskingsdagane: Bibel over alle grenser

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
Gratis

Bibelen er den mest lesne boka i verda og er omsett til meir enn 2500 språk. Under arrangementet «Bibel over alle grenser» i Aasen-tunet 25. september blir det fleire foredrag, diktlesing av Marit Kaldhol, Øystein Orten og Jan Inge Sørbø og musikalske innslag.

17.00 Vegen frå og til - å omsetje
Anders Aschim og Jan Ove Ulstein

17.30 Godt brukande - Peter Hognestad og bibelen på norsk
Per Halse

18.00 Pause

18.30 Bibeldikt
Jan Ove Ulstein, poetane Marit Kaldhol, Jan Inge Sørbø og Øystein Orten, koret faSong, Steinar Høydal mfl.

Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 22.-29. september, hivolda.no 

Kva utfordringar står ein overfor når ein skal omsetje ein eldgammal og heilag tekst så nær målspråket som mogleg? Meininga i ein tekst er ikkje berre innhaldet, men også uttrykket. Anders Aschim har skrive Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011 om dette arbeidet. Jan Ove Ulstein var stilist i same prosessen i Bibel 2011. Begge er tilsette ved Høgskulen i Volda og held foredrag om emnet.

I år er det 150 år sidan teologen, pedagogen, biskopen og bibelomsetjaren Peter Hognestad vart fødd. Han var sentral i arbeidet med den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, den såkalla «Fyrebilsbibelen» frå 1921. Per Halse ved Høgskulen i Volda held foredrag om Peter Hognestad og Bibelen på norsk.

Ei gruppe skjønnlitterære forfattar stod sentralt i arbeidet med den nye bibelomsetjinga frå 2011. I det litterære prosjektet Bibeldikt, som kom ut i 2013, skriv 88 norske forfattarar dikt i samtale med bibeltekstar. Tre av desse forfattarane er Marit Kaldhol, Jan Inge Sørbø og Øystein Orten, som kjem til Aasen-tunet og les frå dikta sine med musikalske improvisasjonar av Steinar Høydal.

Bibeldikt er redigert av Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo, og Ulstein presenterer ideen og arbeidet for publikum. Bibeltekstane vert lesne av Siv Tone Myklebust. Koret faSong framfører bibelsonettar av Hans Johan Sagrusten, tonesette av Gaute Øvereng.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Volda og Ørsta kyrkjeakademi, Bibelselskapet og Høgskulen i Volda.