Julehefteutstilling2017

Julehefteutstilling (står til og med 23.12.)

Når:
-
Kvar:
Aasen-tunet, basisutstillinga
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050407070

Julehefteutstilling med sjeldne godbitar

Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane våre i desse dagar, er det at julehefta kjem i handelen. Søndag opnar den etter kvart årvisse julehefte-utstillinga i Aasen-tunet.

– Vi har bygt ut utstillinga år for år, og no er dette ei fullverdig utstilling, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Han fortel at bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne fram til skattar i samlingane som ikkje er vortne viste før, og at Aasen-tunet dessutan har sikra seg nokre sjeldne hefte. I tillegg er den trykte delen av utstillinga vorte utvida med endå fleire perspektiv, sitat og illustrasjonar frå hefta.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser.

– Vi har lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng, og ønskjer vel møtt til utstillinga.

Ottar Grepstad
Ottar GrepstadFoto: Lars O. Flydal

Ottar Grepstad: Skriftkultur NB! Arrangementet er i Oslo

Når:
Kvar:
Nynorskens hus, Oslo
Vaksen
Gratis

Ottar Grepstad pensjonerer seg og kjem samtidig med boka Skriftkultur. Dette markerer vi 28. november kl. 18.00 på Nynorskens hus i Rosenkrantz' gate 8, Oslo. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Program:

• Om Ottar Grepstad og sakprosaen (Morten Søberg)

• Helsing frå kulturminister Trine Skei Grande

• Skriftkultur (Ottar Grepstad)

Kunstnarlege innslag ved Det Norske Jentekor og Den Mangfaldige Scenen. Programslutt ca. 19.10.

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar og var direktør i Nynorsk kultursentrum 1999–2018. Sidan debuten i 1974 har han skrive og redigert over førti bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk. Han var tilsett i Det Norske Samlaget i perioden 1980–94 som forlagsredaktør, ansvarleg redaktør for Syn og Segn, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef. Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur. Både som forleggjar og forfattar har Grepstad vore ein sentral våpendragar for større merksemd om og respekt for den norske sakprosaen.

Arrangørar er Nynorskens hus, Nynorsk Kultursentrum og Det Norske Samlaget