Julehefteutstilling2017

Julehefteutstilling (står til og med 23.12.)

Når:
-
Kvar:
Aasen-tunet, basisutstillinga
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050407070

Julehefteutstilling med sjeldne godbitar

Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane våre i desse dagar, er det at julehefta kjem i handelen. Søndag opnar den etter kvart årvisse julehefte-utstillinga i Aasen-tunet.

– Vi har bygt ut utstillinga år for år, og no er dette ei fullverdig utstilling, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Han fortel at bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne fram til skattar i samlingane som ikkje er vortne viste før, og at Aasen-tunet dessutan har sikra seg nokre sjeldne hefte. I tillegg er den trykte delen av utstillinga vorte utvida med endå fleire perspektiv, sitat og illustrasjonar frå hefta.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser.

– Vi har lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng, og ønskjer vel møtt til utstillinga.

kjemilie_992x627.jpg

Kjemilie

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
250150 (student og ungdom, medlem av Jazzklubben)150
Kjøp billettar

Duoen Kjemilie, for høvet med band, står for varm og kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar. Emilie Storaas, Kjetil Mulelid, Adrian Waade, Fredrik Dietrichson og Andreas Winther. I samarbeid med Jazzklubben Volda Ørsta.

Kjemilie er pianist Kjetil Mulelid og vokalist Emilie Storaas. Duoen har, med to plateutgivingar og stor turnéverksemd i inn- og utland, vist kva visejazz kan romme. Dei spelar varm og kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar. 

– Mange tenkjer kanskje mest på rock når trønderdialekt blir nytta i musikk. Kjemilie er eit fantastisk døme på kor vakker dialekta kan vere! seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet. – Til denne turneen har Emilie Storaas og Kjetil Mulelid plukka ut musikarar frå øvste hylle og vi kan garantere ei fantastisk konsertoppleving i salen vår, seier Opsvik.

Det er Adrian Waade, Fredrik Dietrichson og Andreas Winther som stiller på scena saman med Kjemilie denne laurdagskvelden.

Det siste albumet «Bakkekontakt» følgjer i fotspora til debuten «Hverdagene», og Kjemilie har finpussa på det lågmælte uttrykket. Kjemilie dreg linja vidare i spenningsfeltet mellom jazz, viser og salmar, med songar som er tydelegare og skarpare, men held på det nære og personlege. Tekstane tek føre seg det å kjenne seg rotlaus og fanga, – å leite etter noko som festar ein til livet.

– Vi er svært glade for at Jazzklubben ville gå inn i eit samarbeid og gjere denne konserten mogleg, avsluttar Opsvik.