God bakst, litteratur og musikk

Foto av Tøge Talle og Ole-Henrik Moe
Tøge Talle og Ole-Henrik Moe.

Førstkomande helg kan publikum gle seg til givande arrangement i Ivar Aasen-tunet. Det startar med «Bok og bakverk» i kafeen fredag, og søndag kjem Tøge Talle og Ole-Henrik Moe med ei unik tolking av «Draumkvedet».

Gode kulturopplevingar gjer seg ofte saman med gode smakar. Fleire gonger i året inviterer difor Ivar Aasen-tunet til «Bok og bakverk» med bibliotekar Siri Beate Gjerde i spissen. Denne fredagen er det også den internasjonale morsmålsdagen, og vi markerer dette med temaet «Språk på vandring».

Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar moglegheita til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare, og må tilpasse seg eit heilt ny språkleg røynd? Dette og fleire spørsmål vil Siri Beate drøfte med hjelp frå litteraturen.

«Draumkvedet» er eit visjonsdikt som vart til mellom 1300 og 1500, og er eit av dei mest spennande verka som finst i norsk folkemusikk. Diktet vart skrive ned kring 1850 i Telemark, og det er sett saman av fleire avdelingar som vert sungne med forskjellige tonar. Mange kjende folkesongarar har både framført og spelt inn diktet tidlegare, som til dømes Sondre Bratland og Berit Opheim.

Tøge Talle og Ole-Henrik Moe kjem til Aasen-tunet med sin versjon av dette eposet. Begge har sterk familietilknyting til Sogn. Difor har dei fått Alv Reidar Dale til å gjendikte visjonsdiktet til sognemål. Dei har òg teke utgangspunkt i gamalt vokalstoff frå Sogn, og laga nye melodiar til verket. Vel møtt!

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk