Vid din sida

Laurdag 12. juni, kl. 19.00

Vid din sida. Skodespelarar: Kjersti Botn Sandal, Sara Fellman og Lars Melsæter Rydjord. Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag.

Kjærleik, danseband og minna du aldri gløymer 

Lesing av festspeldiktar Sigmund Løvåsen si vakre tekst om å ta vare på kvarandre når livet endrar seg på veg inn i alderdomen. Med skodespelarane Sara Fellman, Kjersti Botn Sandal og Lars Melsæter Rydjord frå Teatret Vårt.  

Johannes og Ingrid som har vore gift i mange år. Når Johannes etter kvart blir dement blir Sven Ingvars-låta “Vid din sida”  eit felles minne og haldepunkt for dei begge. Dottera Kristin er ein viktig del av livet deira. Når faren sakte forsvinn tek ho ansvar for å hjelpe, sjølv om det ikkje alltid er like lett. Småfuglane dei ser frå kjøkenglaset er ramma for kvardagen og gjev ei kjensle av å være saman i kvardagen.

Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Tid:
Laurdag 12. juni, kl. 19.00

Stad:
Ørsta kulturhus

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk