FESTSPELA

Synne Vo

Fredag 11. juni, kl. 21.00

Bilete av Synne Vo.
Synne Vo spelar på Rokken Studenthus fredag 11. juni. Pressefoto

Fredag 11. juni entrar popkometen Synne Vo scena på Studenthuset Rokken. 22-åringen frå Lesja i Gudbrandsdalen har på kort tid blitt ein av Noregs mest lovande popartistar.

Synne Vo er eit friskt pust på den norske musikkscena, med sjarmerande gudbrandsdalsdialekt og fengjande organisk pop. Førstesingelen «Ett Minutt» frå det komande debutalbumet hennar fekk mykje merksemd frå musikkbransjen i vinter, og låten vart ein stor hit.

– Synne Vo er som skapt for å opptre på Festspela. Ho er ein stolt dialektbrukar med ei formidlingsevne og ein karakter av dei sjeldne, seier festivalprodusent Mathias Remmereit.

Type:
Konsert

Tid:
Fredag 11. juni, kl. 21.00

Stad:
Studenthuset Rokken

Pris:
Vaksen 250

Student/ungdom 150

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk