FESTSPELA

Panelsamtale: Språklova

Fredag 11. juni, kl. 11.30

Marte Mjøs Persen. Foto: Hans Jørgen Brun

Den 25. mars 2021 vedtok eit samla storting ny språklov. Nynorsk kultursentrum har kalla lova historisk, med særleg vekt på at nynorsk, bokmål, samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka får sterkare vern i lova.

Kva betyr den nye språklova for kvardagen for nynorskbrukarar og andre minoritetsspråkbrukarar? 

Årets nynorskbrukar er Bergen kommune, som vert representert i denne samtalen ved ordførar Marte Mjøs Persen. Ho møter leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold til samtale om den nye språklova.

Seminarpass fredag (UTSELT)
Med seminarpass får du tilgang til alle arrangementa i Aasentunet denne fredagen.

Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Type:
Samtale

Tid:
Fredag 11. juni, kl. 11.30

Stad:
Salen, Aasentunet

Pris:
Vaksen 150

Student/ungdom 100

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk