Oppkome

Torsdag 10. juni, kl. 17.30

Bilete frå dansen Oppkome

OPPKOME er eit fleirårig prosjekt som utforskar det tidlege arbeidet til dansekompaniet Høvik Ballett i perioden 1969–1977, og som undersøkjer kva potensial som ligg i arbeidet til kompaniet for dansekunsten i framtida. Prosjektet er initiert og leia av koreograf og dansar Solveig Styve Holte, og utvikla saman med dei Oslo-baserte dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Per Roar, Terje Tjøme Mossige, Magdalene Solli, og kostymedesigner Solveig Fagermo.

Under Festspela vert OPPKOME presentert som eit undervegsarbeid på Kunsthuset i Ørsta. Før opninga av Festspela skal OPPKOME ha ei framføring utandørs i Aasentunet, i hellinga der museumsbygningen er hogd inn i landskapet. Her vert rørslene plasserte i skråninga, ute av aksen, i dialog med det omkringliggjande landskapet og byggverket til Sverre Fehn.

På Kunsthuset i Ørsta skal OPPKOME ta form over to timar. Publikum kan ta del i ein serie med soloarbeid og danseomvisingar som strekkjer seg gjennom Kunsthuset og utover til parkeringsplassen og parken mot fjorden. Kvar solo tek utgangspunkt i eitt fragment frå arkivet, tilfører ei mengd parallellforteljingar frå samtida og inviterer til fundering om kvifor noko har vorte hugsa, og anna gløymt. Publikum kan vere tilstades så lenge dei sjølv ynskjer, men kvar halvtime startar ein ny solo.

Solveig Styve Holte er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. I hennar koreografiske praksis får eksisterande materiale og dansehistoriske arkiv nye kroppar, lekamleggjering og andre framtider. Holte skaper arbeid for museum, galleri, teater og uterom, så vel som tekstarbeid. Holte er busett på Folkestad, der ho byggjer opp det koreografiske senteret Ysteholen koreografiske senter (YKS) på heimgarden. OPPKOME er støtta av Norsk kulturråd, FFUK, Kunsthøgskolen i Oslo, arbeidet vil ha premiere som tidsutstrakt performance på Henie Onstad Kunstsenter i november 2021 og som framsyning på Dansens Hus i februar 2022. 

Type:
Dans

Tid:
Torsdag 10. juni, kl. 17.30

Stad:
Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk