Opning av lesekiosk på Bjørke

Fredag 11. juni, kl. 11.00

I glansdagane til telefonkioskane var telefonkatalogen einaste tilgjengelege litteratur i dei små raude boksane. No blir 100 av dei verna telefonkioskane i Noreg pussa opp og gjorde klare til å bli lesekioskar. Det gjeld også telefonkiosken Prillar-Guri på Bjørke. 

Meininga med lesekioskane er å gjere litteratur lett tilgjengeleg for alle. Her skal ein finne ei bok å ta med heime, og ein kan også dele gode leseopplevingar med andre ved å setje frå seg ei bok ein har lese ferdig, seier Vibeke Røgler. Ho er nestleiar i Foreningen !les og prosjektleiar for Lesekiosk.

Prosjektet er eit nasjonalt litteraturformidlingsprosjekt i regi av Foreningen !les og Telenor, støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Dei syter for at kiosken vert pussa opp og gjord klar som lesekiosk, og stiller med ein grunnpakke med bøker. Kvar lesekiosk har også ein lokal fadder som skal sjå innom kiosken av og til. Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret samarbeider om opningsarrangementet ved Pillar-Guri på Bjørke 11. juni, og vil også syte for at det er ein del nynorsk barne- og ungdomslitteratur i kiosken når han opnar.

Lesekioskane er ein måte å dele lesing og gode leseopplevingar med kvarandre på, og å gjere synleg at bøkene finst rundt oss overalt, sjølv i den digitale kvardagen vår. Vi er også glade for at vi med dette prosjektet gjev nytt liv og innhald til dei 100 verna telefonkioskane, seier Røgler om satsinga.

På Foreningen !les sine sider kan du lese meir om kvar du finn lesekioskane rundt i landet. På Bjørke vert det opning av lesekiosken 11. juni klokka 11.00. Arrangementet er eit gratis arrangement under Dei Nynorske festspela, men vi ønskjer påmelding til anne.marta@nynorsksenteret.no frå eventuelle grupper som vil ta turen, så vi veit at vi held oss til gjeldande smittevernreglar. Barnebokforfattar Trude Tjensvold deltek på opninga, og vi ser fram til ei gladstund med lesekiosken og litteraturen i sentrum.

Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Tid:
Fredag 11. juni, kl. 11.00

Stad:
Bjørke

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk