FESTSPELA

Målbar: Diktarbygda Ørsta

Torsdag 10. juni, kl. 23.00

Sunnmøre Baarelag blei starta for over 40 år sidan og kan reknast som lokale pionerar på Søre Sunnmøre som har inspirert og påverka ei stolt rekkje av artistar som Side Brok, Vassendgutane, Rotlaus og Egil Olsen. Frontfigur og songar i Baarelaget, Kyrre Grimstad, møter songar/songskrivar Egil Olsen til samtale om den lokale kulturarven og tilhøva for framveksten av musikarar og songskrivarar i diktarbygda Ørsta.

Samtalen blir leia av journalist Håkon Sørvik. Sørvik har mellom anna bakgrunn frå Radio Ålesund og er i dag marknadskonsulent i Møre-Nytt.  

Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Type:

Tid:
Torsdag 10. juni, kl. 23.00

Stad:Møre folkehøgskule

Pris:
Vaksen 150

Student/ungdom 100

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk