Litteratur i krisetider

Laurdag 12. juni, kl. 17.00–18.00

Like sikkert som at der alltid kjem ei ny krise, kjem der alltid ny og spannande litteratur som ei følgje av desse.

I Sju dagar i august  skriv Brit Bildøen mellom anna om Sofie, som mista dotter si i terrorangrepet 22. juli 2011.

Hausten 2020 kom Ruth Lillegraven med diktantologien Dette er andre dagar, der ho tematiserer den brå endringa i kvardagen etter nedsteninga 12. mars 2020. 

Terrorangrep og koronapandemi er svært ulike kriser, men dei er kanskje like alvorlege? Kva rolle kan skrivekunsten spele i samfunnet medan vi kollektivt bearbeider slike kriser?

Forfattarane møter redaktør i Syn og Segn, Astrid Dybvik, til samtale under Festspela.

Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk. Ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar.

Ruth Lillegraven (f. 1978) er forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform.

Astrid Dypvik (f. 1977) kjem frå Lensvik i Orkland kommune. Dypvik er journalist, historikar og forfattar. Ho har arbeidd i ei rekkje riksdekkjande aviser, mellom anna som kronikk- og debattredaktør.
 
Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Type:
Samtale

Tid:
Laurdag 12. juni, kl. 17.00–18.00

Stad:
Salen, Aasentunet

Pris:
Vaksen 150

Student/ungdom 100

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk