FESTSPELA

Konsert for barnefamiliar: Annlaug Børsheim (NB! Flytta til Kunsthuset i Ørsta)

Søndag 13. juni, kl. 12.00

Annlaug Børsheim

Denne søndagen inviterer vi til konsert i Kunsthuset i Ørsta for barnefamiliar med musikar og låtskrivar Annlaug Børsheim frå Ulvik, Hardanger. Annlaug jobbar innanfor eit vidt spekter av musikk, og har mellom anna tonesett norsk poesi og tekstar frå ulike forfattarar som Ruth Lillegraven og Per Olav Kaldestad. Dette blir ein stemningsfull konsert i kunsthuset for barna. 

Då Annlaug Børsheim las boka Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven for fyrste gong var det som om dikta hennar traff både den vesle jenta og den vaksne dama i henne, ofte i eitt og same dikt. Dei var fulle av liv og undring, dei var vakre og melankolske, og så musikalske og rytmiske. I 2019 gjekk ho i gang med å tonesette dei til forestillingsrekka «Alle har en liten dør bak øret» og det var så inspirerande at ho har tonesett fleire og no laga ein eigen konsert med desse dikta.
 
Musikken er inspirert av folkemusikk og Børsheim speler både fele og gitar på scena.
Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Type:
Konsert

Tid:
Søndag 13. juni, kl. 12.00

Stad:
Kunsthuset i Ørsta

Pris:
Vaksen 100

Barn 50

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk