FESTSPELA

Ivar Aasen-minneforedraget: Nynorsken – det inngjerda nasjonalspråket

Fredag 11. juni, kl. 10.00

Jorunn Simonsen Thingnes
Jorunn Simonsen Thingnes. Foto: UiO

Byggjer nynorsk på alle dialekter eller primært på dialekter frå Vestlandet? Er nynorsk eit nasjonalspråk eller eit regionalspråk? Er nynorsk eit minoritetsspråk? Om nynorsk er eit språk i det heile? Dette er spørsmål som har vore sentrale i den offentlege samtalen om kva nynorsken er og skal vere. Svaret på spørsmåla vert gjerne prega av kva den som svarer, ønskjer at nynorsken skal vere. Spørsmåla er knytte til dei ulike måtane nynorsken har henta legitimitet på opp gjennom historia, og korleis denne legitimiteten har blitt utfordra. I dette føredraget tek Jorunn Simonsen Thingnes utgangspunkt i førestillingar om nynorsken i samtida og drøftar korleis desse førestillingane om og legitimeringa av nynorsken verkar inn på statusen til språket. 

Seminarpass
Med seminarpass får du tilgang til alle arrangementa i Aasentunet denne fredagen. Kjøp passet her.

Type:
Foredrag

Tid:
Fredag 11. juni, kl. 10.00

Stad:
Salen, Aasentunet

Pris:
Vaksen 150

Student/ungdom 100

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk