FESTSPELA

Festspelopning

Torsdag 10. juni, kl. 18.00. Blomar ved bauta kl. 19.00

Den offisielle opninga av Festspela 2021 går føre seg i Salen i Aasentunet med både litteratur, musikk, talar og utdeling av prisen for Årets nynorsk brukar 2021.

Bergen kommune er kåra til Årets nynorskbrukar 2021. Kommunen får prisen for å opprette fast nynorskklasse på ein sentrumsskule i Bergen, uavhengig av søkjartal, frå skuleåret 2021–2022, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si. Les meir om kåringa her. Ordførar Marte Mjøs Persen kjem til Festspela for å ta imot prisen.

Programleiar: Tone Slenes, avdelingsleiar i Avdeling for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum

OpningstaleGunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom 
Lesing: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen 

Musikk: Kyrre Grimstad, Sunnmøre Baarelag

Utdeling av prisen for Årets nynorskbrukar ved styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm

kl. 19.00: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen kransar bautaen i gamletunet. Allsong: Dei gamle fjelli 

Har du spørsmål om billettar, kan du sende ein e-post til billett@nynorsk.no. Merk e-posten med Festspela.

Type:
Opningshøgtid

Tid:
Torsdag 10. juni, kl. 18.00
Kl. 19.00: Blomar ved bauta

Stad:
Aasentunet

Pris:
Vaksen 100

Student/ungdom 50

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk