FESTSPELA

12-konsert: Vinje og Grieg

Laurdag 12. juni, kl. 12.00

Olav Egge Brandal
Olav Egge Brandal.

12-konserten kostar 100 kr. Billettsal ved inngangen. Gjester med festspelpass går gratis.

Olav Egge Brandal (piano) og Jørgen Magnus Haslum (song) er ein duo som har samarbeida tett dei siste åra. Etter felles studiar på Griegakademiet i Bergen, held dei begge til i Oslo, der dei studerer på Musikkhøgskulen og Operahøgskulen.  

Jørgen Magnus Haslum har merka seg med si sceniske innleving og mektige røyst. Han er mykje nytta i Opera Bergen sine oppsettingar og kan vise til sentrale roller i diverse operaer og oratorier.

Programmet for konserten har ein norsk tråd med fokus på Grieg. Det heile opnar med den mektige Ballade i g-moll op 24. Hans største verk for solo piano, ferdig våren 1876. Etter at foreldra hans gjekk vekk hausten 1875 og ekteskapet med Nina skranta, talte denne dystre folketonen frå Valdres til han. Stykket er stort anlagt med tema og 14 variasjonar, med stort spenn i utrykk og dynamikk. Stykket var så personleg for Grieg at han aldri makta å framføre det.

Konserten fortset med Grieg sitt op 33, Tolv songar til dikt av Aasmund Olavsson Vinje. Etter ei langvarig skrivesperre på to år, fann Grieg verkeleg inspirasjonen våren 1880. Vinje si dikting talte sterkt til Grieg og med unntak av to songar, komponerte han alle i løpet av 8 dagar. Samlinga inneheld nokre av Grieg sine mest folkekjære melodiar, som «Våren» og «Ved Rondane». 

Duoen gler seg stort til å framføre dette flotte programmet og håper at mange tek turen til Volda kyrkje denne føremiddagen.

12-konserten kostar 100 kr. Billettsal ved inngangen. Gjester med festspelpass går gratis.

Type:
Konsert

Tid:
Laurdag 12. juni, kl. 12.00

Stad:
Volda kyrkje

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk