Fekk med seg 25-årsjubileum på undretur i Aasentunet

Lurivar-klubben ved Dalane barnehage i Ørsta la undreturen sin til Aasentunet. Der gjorde dei ei spennande oppdaging.  

Lurivar-klubben synest det var stor stas å vere på undretur i Aasentunet. Her studerer dei grunnsteinen nøye. På bilete er Amanda, Alfred, Kayleigh, Isac, Magnus, Markus, Terese, Even, Else og Liss-Mari.

På undreturen sin kunne Lurivar-klubben rekne seg fram til at var 25 år sidan grunnsteinen til Aasentunet var lagt ned, akkurat den dagen dei var på besøk. 

 – Statsråd Åse Kleveland la ned grunnsteinen for Ivar Aasen-tunet 15. september 1996, las dei vaksne frå steinen og tenkte høgt: 

– Kva dato er det i dag, er det ikkje 15. september? Og 96, det er no 24-25 år sidan det. 

Konklusjonen blei at dei hadde oppdaga eit 25 års-jubileum. 

– Dette er ein grunn til å feire, jubla Lurivar-klubben. 

Det er borna som nyleg har starta sitt siste år i barnehagen som utgjer Lurivar-klubben, som for øvrig har henta namnet sitt frå Nynorsk kultursentrum og Aasentunet sin eigen formidlingsfigur, tunkatten Lurivar. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk