Gjekk i Ivar Aasen sine fotspor

– Oi! Her kunne eg budd lenge, var ein av mange reaksjonar frå dei rundt 240 tredjeklassingane som besøkte Aasentunet i samband med «Bli kjend med Ivar Aasen».

Inne i museet fekk elevane høyre om livet til Ivar Aasen og leite etter ulike gjenstandar som han nytta, og hadde med seg på reisene sine.

– Det er kjempekult å få sjå på tinga som Ivar Aasen eigde og brukte, men det er litt rart å tenke på at akkurat desse tinga var hans, meiner nokre av elevane som var på besøk frå Åmås friskule.

Dei var einige i at lommeuret til Aasen var noko av det kulaste i utstillinga.
– Vi har aldri sett ei sånn klokke før, og så er det jo tøft at det har vore Ivar Aasen si då, seier Kristian Hovden Aam og Ken-Ivo Vartdal Evensen.

Kontaktlærar Gloria Minkov var veldig nøgd med både elevane og opplegget dei fekk vere med på.

– Det er tydeleg at dei synest dette er interessant. Dette har vore ein spennande dag for både store og små, og ei oppleving vi kjem til å nytte oss av framover, seier ho.

Viktig innblikk i lokal kulturarv

Besøka gjekk over fem dagar og var ein del av «Bli kjend med Ivar Aasen». Dette er eit av fleire gratis tilbod Aasentunet har gjennom den lokale kultursekken i samarbeid Ørsta og Volda kommunar.

I løpet av dagen i tunet fekk elevane mellom anna sjå film, delta i quiz, utforske utstillinga, og boltre seg i uteområdet i Åsen, slik Ivar Aasen gjorde då han var ung gut.

– Det er viktig for Aasentunet å kunne tilby alle elevane i nærområdet ei mogelegheit til å få eit unikt innblikk i vår lokale og nasjonale kulturarv og norsk språkhistorie, seier Ida A. Kornberg, formidlar ved Aasentunet.

Ho trur og håper at tilbodet vert sett pris å ved dei lokale skulane.
– Vi får gode tilbakemeldingar undervegs frå både elevar og lærarar. Å sjå engasjementet blant tredjeklassingane er utruleg artig. Der er mange som er stolte av heimstaden sin, og det er fint å kunne bidra til å styrke dette.

Dei siste åra har tilbodet blitt tilpassa gjeldande smitteverntiltak, men Kornberg understrekar at berre det å kunne samlast fysisk i tunet er utruleg kjekt.

– At elevane får oppleve å vandre i dei gamle museumsbygga, utforske nybygget og studere gjenstandande etter Ivar Aasen er verdifull læring i seg sjølv, seier ho.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk