Feiring av Reidar Djupedal i Aasentunet

Foto av Reidar Djupedal
Språk- og kulturforskar Reidar Djupedal. Foto: Selja Forlag / CC BY-SA

Onsdag 24. mars får du sjå handskrifta til Ivar Aasen på nært hald i Aasentunet. Det er 100 år sidan Ivar Aasen-forskar Reidar Djupedal var fødd. Nynorsk kultursentrum feirar med arrangement og godbitar frå samlingane.

Reidar Djupedal (1921–1989) var Aasen-forskar og professor i nordisk språkvitskap. Han evna å setje språket i ein kulturhistorisk samanheng. Under arrangementet får vi høyre Tove Bull snakke om arbeidet til Djupedal. Ho er tidlegare rektor og professor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Bull var ein av studentane til Djupedal. Dei som kjem til Aasentunet, får også høyre borna til Djupedal fortelje om faren sin, og det blir  musikkinnslag ved Malin Victoria Alander

– Vi er svært glade for å kunne invitere til dette jubileumsarrangementet for ein viktig språk- og kulturforskar. Reidar Djupedal er også svært sentral for oss som institusjon. Utan han hadde vi ikkje hatt Aasentunet, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum. 

I 1987 testamenterte Djupedal den svært omfattande boksamlinga si til Aasentunet. Dette skapte behov for eit nytt bygg, og samlinga er no ein del av kjernen i verksemda til Nynorsk kultursentrum. 

Ein del av samlinga er fleire handskrift av Ivar Aasen. Vi stiller desse ut i utstillinga denne kvelden, slik at fleire får sjå dei. Skrifta er vanlegvis i museumsmagasinet, så arrangementet blir eit sjeldan høve til å sjå desse viktige døma frå arbeidet til Ivar Aasen, som Reidar Djupedal fekk teke vare på. 

Du kan kjøpe billettar til arrangementet her

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk