Familiedag med lesestund og barnekunstutstilling

Søndag 5. desember klokka 13, kjem forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engedal til Aasentunet og les frå boka Pølsetjuven. Ho vil også teikne litt saman med barna, og det vert høve til å få med seg barnekunstutstillinga inspirert av Pølsetjuven, der alle kunstverka er laga av barnehagebarn frå Ørsta, Volda, Stryn, Stad og Ulsteinvik kommunar.

Boka Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.  Hovudpersonen i boka er  Kjell, ein tjuv som ikkje vil vere tjuv. Kva gjer ein då?  

– Engedal har skrive ei viktig og morosam bok med eit sjeldant detaljrikt visuelt univers. Under familiedagen vil ho også teikne litt saman med barna. Vi ser fram til ein spennande og kjekk familiedag i tunet, seier formidlar i Aasentunet, Ida Karin Aarflot Kornberg. 

 

19 barnehagar frå Ørsta, Volda, Stryn, Stad og Ulsteinvik kommunar har alt lese boka og nytta historia til å lage sine eigne teikningar og skulpturar. Alle desse Pølsetjuv-kunstverka vert stilte ut i Salen i Aasentunet når forfattaren sjølv kjem på besøk.

– Vi ser fram til å stille ut barna sine kunstverk og lage nok ei fantastisk barnekunstutstilling her i tunet. Vi har erfart at barna synest det er ekstra kjekt å vise fram det dei har laga til sine kjente og kjære, så vi vonar mange nyttar høve og tek turen denne dagen, seier Kornberg.

 

Forfattar og illustratør Marianne Gretteberg Engdal debuterte som barnebokforfattar med Pølsetjuven i 2019. I år kom oppfyljaren Polititjuven ut. Begge bøkene har hausta strålande kritikk for sitt rikhaldige univers. For Pølsetjuven vann Engedal Kulturdepartementets bildebokpris 2019.   

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk