Få med deg eventyrstunda Fykomfei! i Aasentunet laurdag 8. mai kl. 15.00

Fykomfei! er ei forunderleg framsyning med spennande magi og glede over livets mange vendingar. Eventyrstunda passar for publikum i alle aldrar.

Eventyret av Regine Normann handlar om mannen og kona som hadde alt dei trong, men likevel bar på ei sorg fordi dei hadde ikkje fått barn. Plutseleg ein dag får dei ein liten ørnunge! Dei kallar han Fykomfei. Ei lykkeleg tid byrjar, men kan ho vare?

Fykomfei! blir framført av figurspelar og forteljar Siw Elena Skinnemoen. Ho har brei yrkeserfaring relatert til barn og unge, og ho har tidlegare vore instruktør for barne- og ungdomsteater i ni år.

Ein kan kjøpe billettar til arrangementet her eller i døra. På grunn av smittevern blir antalet billettar avgrensa. Framsyninga varer i 40 minutt.

Butikken, kafeen og utstillinga i Aasentunet held ope i samband med arrangementet.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk