Endeleg festspel!

Nynorsk kultursentrum gler seg stort over å endeleg kunne invitere publikum til Festspela 2021! 10.–13. juni blir det 36 arrangement i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda.

– Med den krevjande tida samfunnet og kulturlivet no har vore gjennom, er det fantastisk å endeleg kunne ta imot flotte utøvarar og publikum til festival i Ørsta og Volda, seier Olav Øyehaug Opsvik, arenaleiar ved Aasentunet.

– Med alle smittevernomsyn på plass blir det ikkje ein heilt normal festival i år heller, men vi er godt nøgde med programmet vi har sett saman, og ser no at billettsalet tek seg opp, seier han.

Torsdag 10. juni byrjar Festspela som vanleg med ein tale ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum. Ein anna tradisjon som også står støtt, er Ivar Aasen-stemnet og festspelgudstenesta utandørs i Aasentunet, som blir søndag 13. juni.

På Studenthuset Rokken blir det konsert med både Sunnmøre Baarelag og det unge stjerneskotet Synne Vo. På Ørsta kulturhus inviterer Festspela til både spennande lesing frå Teatret Vårt og eksperimentell tango ved den kjende bandoneonisten Per Arne Glorvigen og forfattar Kjartan Fløgstad. I tillegg blir det eit heilt nytt tingingsverk levert av festspeldiktar Sigmund Løvåsen. Gruppa Fantefolk, med mellom anna Kåre Nytun, tek føre seg tekstar og melodiar av Per Sivle.

I Aasentunet blir det som vanleg spennande foredrag, litterære samtalar og sjølvsagt høve til å få både god mat og drikke i kafeen. Der er nokre få billettar att på dei fleste arrangementa, så no gjeld det å hive seg rundt!

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk