Ekstraforedrag med Magnus Takvam

Billettane til foredraget «Mi mor, Marie Takvam med Magnus Takvam» i Aasentunet, var så populære at arrangementet blei selt ut på under ei veke. Grunna den store interessa set Aasentunet opp eit ekstra foredrag med Takvam komande torsdag, 28. oktober.

– Det er veldig gledeleg at arrangementet med Magnus Takvam har skapt så stort engasjement. Marie Takvam betyr mykje for folk i Hjørundfjorden og på Sunnmøre elles, og i tillegg er Magnus Takvam ein dyktig utøvar i seg sjølv, seier Olav Opsvik, arenaleiar i Aasentunet.

Magnus Takvam er journalist og politisk kommentator i NRK. Han kjem til Aasentunet for å snakke om biografien Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam.

– I biografien om mor si formidlar Takvam eit kunstnarportrett av ein av våre største norske lyrikarar. Samstundes skriv han om korleis han som son opplevde å vekse opp med ei mor som levde eit spennande liv, men som også hadde ein vanskeleg kvardag. Dette blir ei veldig interessant stund i Aasentunet, seier Opsvik.

Marie Takvam var ei viktig nynorsk diktarstemme og debuterte med diktsamlinga Dåp under sju stjerner i oktober 1952. Marie Takvam, fødd Marie Ragnhild Skylstad, var fødd og oppvaksen på Skylstad i Hjørundfjorden. Etter ein lang og rik karriere blei ho også heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2003.

Endeleg full kapasitet

Foredraga med Takvam blir dei første arrangementa i Aasentunet etter at dei nasjonale krava om avstand blei oppheva.
– Etter ein lang periode med avgrensa kapasitet, blir det utruleg kjekt å kunne fylle opp salen igjen. Dette har vi lengta etter, seier Opsvik.

NB! Ekstraforedraget er utseld. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk