– Rørande og inspirerande festspel
Dei nynorske festspela 2015, torsdag 25. juni, opningshøgtid. Kirsten Bråten Berg og Lars Bremnes.Foto: Malin Nordby Kvamme

– Rørande og inspirerande festspel

Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug var ikkje budd på det sterke inntrykket Festspela skulle gi henne. Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag roste arrangøren i opningstalen, det var rydda plass til meir litteratur i programmet, og D.D.E. fekk Uteamfiet til å koke.

Hovudpersonen, festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, fortel om fire fantastiske dagar på Dei nynorske festspela i Ørsta. – Eg var budd på at det kom til å vere ei spesiell oppleving å vere festspeldiktar på heimebane, men ikkje at det kom til å gjere så sterkt inntrykk som det gjorde. Det har vore interessante samtalar og store musikalske opplevingar, men mest kjem eg til å hugse det deltakande og entusiastiske publikummet, det har vore både rørande og inspirerande. Eg er glad og takksam og full av hurra etter Festspela.

Det var statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag som opna Festspela torsdag. I ein engasjert opningstale roste han arrangøren Nynorsk kultursentrum for at institusjonen greier å tene pengar, og han la vekt på at nynorskbrukarane er avhengig av tillit frå bokmålsbrukarane.

Gjennom det faglege programmet fekk publikum oppleve mykje nytt og ukjent i år.

Snart 92 år gamle Jostein Fet tok på nytt eit oppgjer med myten om at folk flest ikkje kunne lese før 1800-talet. Den unge forskaren Pernille Fiskarstrand la fram nye perspektiv på god nynorsk språkføring i Ivar Aasen-minneforedraget. Publikum fekk resultatet av ei undersøking av språk i reklame, og historia om diktaren Arvid Hanssen fekk nye nyansar. Språksjef Ragnhild Bjørge i NRK kunne fortelje at NRK no er i gang med språkrøkt også for dei som snakkar dialekt i radio og tv.

Temaet Tillit la til rette for å gi publikum meir litteratur og på andre arenaer, mellom anna ei gullrekkje av forfattarar i Uteamfiet fredag. Tillit var også utgangspunktet for festspelutstillar Astrid Runde Saxegaard, som opna sansane til fleire av gjestene med ei eksperimentell og original tekstilutstilling. Festspela fekk også sin eigen song, laga av Lars Bremnes og Hilde Myklebust. Urframføringa til Kirsten Bråten Berg og Bremnes sjølv rørte publikum under opningshøgtida.

Dei nynorske festspela skal femne svært vidt i ulike arrangement om språk og litteratur og konsertar med ulike musikalske uttrykk. D.D.E.-konserten laurdag var det mest besøkte arrangementet i år. Publikum fekk oppleve Namsos-karane i storslag, på ein kveld der også fleire av tekstane til D.D.E.-songane fekk fortent merksemd i eit møte med tekstforfattar Idar Lind. – Konserten var kulturpolitisk viktig for oss i den breie programflata som Festspela skal ha, seier Widerøe.

Det var lagt opp til eit program med fleire pustepausar i år, og det gav som venta lågare gjestetal enn i fjor med om lag 5000 gjester totalt.

Nærare 200 utøvarar leverte opplevingar som hausta både trampeklapp og ståande applaus. Også publikum var ei god blanding av tilreisande og lokale, om lag halvparten av kvar.

Kvart år kjem det også tilreisande for å få vere ein del av festspellaget. –Vi har eit velfungerande maskineri av fast tilsette, tunassistentar, samarbeidspartnarar og ikkje minst frivillige som står på. Til saman har over 80 personar vore med å laga festspel, og det er vi svært stolte av, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 24. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• Ovar 80 medarbeidarar og frivillige avvikla 40 arrangement med nærare 200 utøvarar

• Årsbudsjett på 2,1 millionar kroner

• I 2016 blir Dei nynorske festspela arrangerte 23. – 26. juni