Ledig stilling som forskar II i nynorsk skriftkultur

Nynorsk kultursentrum søkjer ein som vil bidra til auka forsking på nynorsk skriftkultur. Med utgangspunkt i samlingane og emna vi arbeider med står du fritt til å utarbeide eigne forskingsprosjekt. Samstundes skal forskaren bidra til å utvikle kvaliteten og omfanget av forskinga som går føre seg i stiftinga.