Byggjer om resepsjonen

Skisse av det nye resepsjonsområdet i Aasentunet av Hille Strandskogen Arkitekter
Slik er det nye resepsjonsområdet i Aasentunet planlagt. Teikning: Hille Strandskogen Arkitekter

Aasentunet byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. I samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter er det lagt planar for ei opnare løysing.   

Aasentunet held stengt i heile ombyggingsperioden. Vi gler oss til å ta imot publikum når ombygginga er ferdig i mars! Varer frå museumsbutikken er tilgjengelege på handlenett.no, og kulturfagleg innhald er tilgjengeleg på nynorsk.no.

– Med ombygginga får Aasentunet lokale som er betre eigna for arrangement, festival og utleige. Vi er glade for at arkitektane, som har lang erfaring med Sverre Fehn-bygg, har funne ei løysing som er både praktisk og innbydande, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.  

Skisse av det nye resepsjonsområdet i Aasentunet av Hille Strandskogen Arkitekter
Hille Strandskogen Arkitekter har teikna det nye resepsjonsområdet i Aasentuent. Teikning: Hille Strandskogen Arkitekter

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk