Boksamtale: «Sjå i nåde til oss»

I livet slår lagnaden vilkårslaust følgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva for både eigenverd og tillit til kvarandre når dagane krev meir enn vi maktar. Søndag 30. mai kl. 16.00 blir det boksamtale i Aasentunet.

I Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov og Laura Djupviks novellesamling No fær huset peikar forfattarane mot at nåden finst i det gode vi strevar med å gjere for kvarandre.

Gjennom samtale og lesing reflekterer forfattarane over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les, og den som skriv. Samtalen vert leia av litteraturformidlar Janne Karin Støylen

Kven tek ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål kvernar mellom linjene i Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov (2020).

Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupviks siste novellesamling, heller. No fær huset (2020) samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.

Boksamtalen «Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords», som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd.    

Ein kan kjøpe billettar til arrangementet her, eller i døra. På grunn av smittevern blir antalet billettar avgrensa. Butikken, kafeen og utstillinga i Aasentunet held ope i samband med arrangementet.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk