Blei betre kjende med Ivar Aasen

Elevane teikna sine inntrykk frå utstillinga og skreiv eit postkort heim
Elevane teikna sine inntrykk frå utstillinga og skreiv eit postkort heim. Foto: Marita Bett Aakre / Ivar Aasen-tunet

Alle tredjeklassingane frå skulane i Ørsta og Volda har den siste veka vore i Ivar Aasen-tunet og blitt betre kjende med språkforskaren Ivar Aasen.

Kvar haust blir alle tredjeklassingane i Ørsta og Volda inviterte til Aasen-tunet for å lære om Ivar Aasen. Opplegget er ein del av Den kulturelle skulesekken lokalt, og det gir elevane eit møte med både den unge og den eldre Aasen.

I år møtte elevane formidlar Marita Bett Aakre, som tok dei med på omvising i utstillinga og fortalde meir om livet til Ivar Aasen og arbeidet han gjorde for det nynorske språket.
– Kva trur de Aasen gjorde på fritida si, han som berre hadde ti skuledagar i året? spør formidlaren.
– Leika! ropar elevane i kor.
– Det gjorde han nok, men det meste av tida gjekk med til å hjelpe til med gardsarbeidet, fortel Aakre.

I løpet av dagen fekk alle elevane teikne inntrykka sine frå utstillinga og skrive eit postkort heim – det var det ikkje alle som hadde gjort før. Dagen blei avslutta med ein tur i bokstavløypa til Høgetua.

Som førebuande arbeid til besøket har elevane hatt temadag på skulen. Då har nokre laga bok om Ivar Aasen, medan andre har spikka seg skrivereiskapar til blekk og lært seg Nordmannen-rappen.

Elevane var på besøk klassevis, og ein tok sjølvsagt omsyn til smittevern under alle besøka.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk