Bibliotek og arkiv

Dei viktige samlingane

Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Samlingane inneheld trykte skrifter, arkivmateriale, audiovisuelle medium og tradisjonelle gjenstandar, kunsthistoriske gjenstandar og fotografi.

Ivar Aasen-samlinga.
Ivar Aasen bygde opp ei svært innhaldsrik boksamling på 2400 titlar som utgjer 28 hyllemeter. Interessene hans femnde vidt, frå tradisjonskunst og engelsk humor til språkvitskaplege avhandlingar.

 
Heile samlinga blei registrert hausten 1945 av universitetsbibliotekar Kaare Haukaas og lista blei gitt ut som trykt katalog i 1946 med tittelen Lista yver Ivar Aasen-boksamlingi. Alle bøkene er no ein del av basisutstillinga og er berre tilgjengelege for bruk etter særskild avtale. Ein del tidsskriftårgangar, aviser og lause trykk av typen teaterprogram ligg i gjenstandsmagasinet.
 

Reidar Djupedal-samlinga
Kulturhistorikaren, språkforskaren og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal (1921-89) si omfattande samling utgjer i alt 34 600 band. Samlinga inneheld bøker, særprent, småtrykk og periodika innan ulike fagområde, men med vekt på språk- og litteraturvitskap, på minst 15 språk; hovudsakleg norsk (nynorsk og bokmål), dansk, svensk, islandsk, færøysk og frisisk. I tillegg kjem ein del avisklipp.

 

Anton Aure-samlinga
Delar av Norsk boksamling, gjerne kalla Anton Aure-samlinga, er deponert i Aasen-tunet av Det Norske Samlaget: om lag 5 000 band med bøker og skrifter utgitt etter 1935, og 2 200 årgangar av 147 ulike aviser, blad og tidsskrift frå perioden 1877-1972 samla av læraren, boksamlaren og bibliografen Anton Aure (1884-1924), supplert av Nasjonalbiblioteket fram til 1979.

Bjarne Slapgard-samlinga
Om lag 180 band med skjønn- og faglitteratur og tidsskrift, er gitt i gåve til Aasen-tunet frå arvingane etter forfattaren, skulemannen og målmannen Bjarne Slapgard(1901-97).  

Henrik Rytter-samlinga
Forfattaren, omsetjaren og foredragshaldaren Rytter omsette 23 av Shakespeare sine skodespel til nynorsk. Samlinga inneheld rundt 300 bøker som består av eigne utgjevingar, skjønnlitteratur og lyrikk.

Arkiv for norsk målreising

Dette arkivet blei bygt opp av Peder E. Hovdan(1874-1965) som ein del av arbeidet hans med statistisk dokumentasjon av framveksten av nynorsk skriftkultur. Arkivet utgjer ein stor protokoll ordna etter kommune og 153 kassettar med avisklipp, hovudsakleg frå perioden ca 1908 – ca 1955.  
Frå hausten 2005 er arkivet deponert i Aasen-tunet. 

Avisklipparkiv

Noregs Mållags avisklipparkiv 1983-2005
155 kassettar og permar. Papirarkivet blei avslutta våren 2005 og erstatta med digital klippteneste frå iFoqus, og frå november 2006 Retriever. 

Ivar Aasen-året 1996
Vi har heile arkivet, medrekna avisklipp 1994-96. 

Arkiv frå Jens Kåre Engeset 

Vi har fått eit arkiv med avisklipp om Ivar Aasen-tunets historie 1990-2000; ti store permar, ordna kronologisk.  

Reidar Djupedal sitt klipparkiv
22 kasser mottekne sommaren 2002, ordna etter relevans.

Vi prioriterer gåvemottak og innkjøp til samlingane som har nødvendige føresetnader for at vi skal kunne løyse oppgåvene våre.

Dag og Tid
Vi har kvar årgang av avisa Dag og Tid frå 1962 og fram til i dag, i innbunden form. Givaren Dag og Tid vil halde fram med dette «til evig tid, dvs. til ut på ettermiddagen dommedag,» som det heiter i gåvekortet frå 22.6.2000. 

Søk i bibliotekbasar
Nasjonalbiblioteket:
Biblioteka i Ivar Aasen-tunet sine vertskommunar Ørsta og Volda:
 
 
Kontaktinformasjon 
Siri Beate Gjerde, bibliotekar
siri.beate.gjerde@aasentunet.no
70 04 75 83
 
 
 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk