Praktisk informasjon

Opningstider og prisar

I samband med situasjonen kring det nye koronaviruset held Ivar Aasen-tunet stengt inntil vidare.

1. januar–19. juni
Måndag–fredag kl. 12–16
Søndag kl. 12–16

19. juni–16. august
Måndag–fredag kl. 10–17
Laurdag og søndag kl. 12–17
Ope etter avtale utanom vanleg opningstid

16. august–19.juni
Tysdag–fredag 12–16
Søndag 12–16

Museet er stengt i romjula, første nyttårsdag og 17. mai.

Prisar

Vaksne 100 kr
Barn (under 18 år) Fri
Redusert pris (Mållaget, Venelaget Hauge, Medlemslaget Vinje) 70 kr
Student Fri

Prisen inkluderer film og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Pris for grupper på 15 personar eller meir

Omvisargebyr 500 kr + 50 kr per person.

500 kr ekstra per 30 deltakarar.

For grupper utanom arbeidstid kl. 9-16 kjem eit generelt tillegg på 1000 kr.

Det blir utvikla eigne prisar og opplegg for turistgrupper.

Skular med formidlingsopplegg

Formidlargebyr 500 kr + 30 kr per person.
500 kr ekstra per 30 deltakarar.

Barnehagar med formidlingsopplegg

Tilpassa opplegg for barnehagar med aktivitetar og høgtlesing, kostar kr 20 per barn.

Lærarar/assistentar/barnehagepersonell i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

Her finn du oss

Ivar Aasen-tunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.

Tilgjenge

Ivar Aasen-tunet skal vere for alle. Vi legg til rette for at museumsbygga, arrangementa og tenestene våre er tilgjengelege for flest mogleg.

  • Parkeringsplassen ligg nedanfor Ivar Aasen-tunet. Frå parkeringsplassen og opp til tunet tek det ca 5 minutt å gå. Funksjonshemma kan parkere på anviste parkeringsplassar på tunet.
  • Det er lagt til rette med ramper for rullestolbrukarar der det er behov, i utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder.
  • Det er installert teleslynge i Salen i Ivar Aasen-tunet. Den fungerer best på sete 2 til 12 på rad 3 til 6.
  • Alle etasjar er tilgjengelege med heis.
  • Toalett og handikap-toalett ligg i 1. etasje.
  • For fribillett for følgjekort for funksjonshemma kontakt oss på post@aasentunet.no

Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 ved spørsmål.

Omvising

Ei omvising gjennom det gamle tunet på garden Åsen, og gjennom nybygget i Ivar Aasen-tunet, gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei vanleg omvising varer kring 45 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskeleg. Vi tilrår likevel ei omvising på 45 minutt.

 

16. august – 31. mai
Omvising etter avtale på tlf 70 04 75 70 eller post@aasentunet.no
 

1. juni – 15. august 
Omvising kvar heile time.
Dokumentarfilmen om Ivar Aasen blir vist kvar halvtime.

 
Grupper kan gjerne ta kontakt på førehand på telefon 70 04 75 70.

Gruppebesøk

Vi har rabatterte prisar for private grupper og skuleklasser. Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Minimum tal per gruppe er 15 personar. 

50 kr per person + omvisargebyr 500 kr

Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Vi opnar gjerne Ivar Aasen-tunet for grupper (min. 15 pers.) utanom opningstidene. Då kjem det eit generelt tillegg i prisen på kr 1000.

For meir informasjon og bestilling kontakt oss på telefon: 70 04 75 70

Utleige

Lokala i Ivar Aasen-tunet høver godt for ulike typar lukka arrangement, og vi tilpassar tilboda om utleige og ev. omvising til gruppestorleik og type arrangement.

Salen har 110 gode sitjeplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene.

Kafeen har normalt omlag 50 plassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering.

I tillegg til rein romutleige, kan vi tilby servering av alt frå kaffi og svele til treretters middag. Vi tilbyr sjølvsagt også omvisingar i utstillingane i nybygget og i gamletunet, gjerne som ein del av ein seminardag.

Butikk & Kafé

I museumsbutikken finn du alt frå bøker til vesker, t-skjorter, keramikk, postkort, sitjeunderlag og leiker og spel til born. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Ivar Aasen-tunet sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

Kafeen er open for alle og tilbyr ein variert meny av både kaker, kalde og varme rattar. Kom innom etter et besøk i museet si utstilling, i samband med eit av våre arrangement eller bruk oss som ein møtestad med vennar og kollegaer. Menyen finn du i peikaren under.

Butikken og kafeen følgjer museet sine opningstider, i tillegg held dei ope i samband med alle arrangement.  

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken og kafeen.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk