Barn og unge

Kulturprogram året rundt

Ivar Aasen-tunet har fleire arrangement som er retta mot barn og unge. Innhaldet i kulturprogrammet vekslar mellom blant anna teaterstykke, konsertar, bokformidlingar og forfattarbesøk.

Vår
I vårprogrammet er det alltid eit eller to arrangement for barn og barnefamiliar. I tillegg har vi framsyningar med tunkatten Lurivar i påskeveka.

Sommar
Under Dei nynorske festspela er det fleire arrangement for barn og unge retta mot ulike aldersgrupper. Kunstuttrykk, tema, formidlingsform og arena brukar å variere.

Haust
I haustprogrammet har vi eit eller to barne- og familiearrangement i tunet, og før jul har vi familiedag med arrangement i Salen, barnekunstutstilling og juleverkstad.

Alle arrangement i tunet gir gratisbillett inn i basisutstillinga. I basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet finn ein ei rekkje installasjonar som fortel meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Under barnearrangement har vi barnevennleg meny i kafeen.

Eit museumsbesøk for fleire sansar

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket eller gå i Verdas minste kinosal?

I utstillinga i Ivar Aasen-tunet finn du ei rekkje installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Verdas minste kinosal og animasjonsverkstad
I språkverkstaden får borna sjå tunkatten Lurivar i Verdas minste kinosal. Lurivar er veldig glad i besøk, og blir lei seg når han høyrer at det har vore born og sett etter han når han har vore på reise. Difor har han spelt inn nokre videohelsingar til borna som dei kan sjå i Verdas minste kinosal.

Både born og vaksne kan lage nye dikt i eit heilt eigenutvikla dikthjul. Ein kan også lage setningar og dikt med magnetpoesi i storformat.

På hemsen til Lurivar kan ein lese nynorske barnebøker eller høyre utdrag frå lydbøker. Ein kan også leite etter ord Lurivar har lagt att inne i bøkene.

Dei som kjem på besøk kan også gjere oppgåver som ligg framme i språkverstaden. Eller prøve dialektkunnskapen sin i det populære dialektspelet.

Diktet Nordmannen er laga i store ordklossar, som kan setjast saman til nye strofar ute i tunet.

I utstillinga kan du mellom anna utforske eit stereoskop med Aasens eigne bilete. Foto: Kib og Morits

For fleire sansar
Publikum kan snurre på kanalveljaren på ein gamaldags FM-radio og finne litterære røyster frå store delar av Europa. Utstillinga inneheld også høgdepunkt i populærmusikk på nynorsk, stereoskop med Aasens eigne bilete, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og meir til. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos nokre av dei som bur i Språkhuset. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før.

Nordmannen helsar velkomen
Publikum i Aasen-tunet blir i sommarsesongen helsa velkomen med Ivar Aasens mest kjende dikt «Nordmannen» i lydstien. – Seks høgtalarar langs gamlevegen, gir publikum ei spesiell oppleving alt på vegen opp til Aasen-tunet. Årets temautstilling er også plassert her.

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøkje oss, men det er mykje å gjere, også for dei som berre vil innom utan å ha omvising.

Borna kan gå lenge og sjå på alle dei gamle tinga til Ivar Aasen som er utstilte i basisutstillinga. Inne i språkverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar, bokstavklossar og puslespel.

Oppe på hemsen til Lurivar kan borna lese bøker og høyre utdrag frå lydbøker. I trappa under hemsen ligg «Verdas minste kinosal», der Lurivar har lagt att ei helsing til barna.

Barna er velkomne til å ete matpakken sin i kafeen, eller sitje ute i sola på fine dagar. Det er også eit veldig fint turområde rundt Aasen-tunet, der ein kan gå opp til Høgetua. På Høgetua er det utebibliotek med gode, nynorske barnebøker frå mai til oktober.

Vi har fleire ulike omvisingstilbod for barnehagar. Tilpassa opplegg for barnehagar med aktivitetar og høgtlesing, kostar kr 20 per barn.

Lesestund på hemsen til Lurivar. Foto: Kib og Morits

Kven var Ivar Aasen?
Barna får vere med bort i Gamletunet og sjå kvar Ivar Aasen vaks opp. Dei får høyre forteljingar frå då han vaks opp, og dei får høyre om noko av det han likte å gjere då han var ein liten gut. Vi viser bokstavtrykking, og vi trykkjer bokstavar saman med barna.

Inne i utstillinga fortel vi litt om det språket dei skreiv på denne tida, og kvifor Ivar Aasen tok til å lage eit nytt norsk språk. Dei får også sjå på gjenstandane og boksamlingane til Ivar Aasen og høyre litt om livet etter at han vart vaksen.

Vi avsluttar omvisinga oppe på hemsen til Lurivar med høgtlesing. Etterpå kan barna fritt gå rundt i utstillinga eller gjere tilrettelagde aktivitetar inne i språkverkstaden.

Litteraturformidling og høgtlesing
Vi kan formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i salen eller på hemsen, og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for barna. Vi tilpassar opplegget alt etter kor stor gruppa er.

Etterpå går vi inn i Språkverkstaden og gjer oppgåver knytt til boka. Barna får ein lesediplom som viser at dei har lese boka. Etterpå kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga, eller gjere aktivitetar inne i Språkverkstaden.

Lur arkitektur
Aasen-tunet er ein fantastisk bygning, og er teikna av den kjende arkitekten Sverre Fehn. Arkitekten har tenkt mange lure tankar som viser seg att i bygget. Saman går vi gjennom bygningen og prøver å finne ut korleis arkitekten har tenkt og kva han prøver å formidle. Etter omvisinga får barna byggje kreative byggverk av ulike materiale.

Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 ved spørsmål.

Omvisingstilbod for skular

Vi tilbyr omvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 eller post@aasentunet.no, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

Omvisinga tek utgangspunkt i livet og arbeidet til Ivar Aasen. Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen. Deretter gir vi ei omvising ute i Gamletunet og inne i basisutstillinga.

Elevane får eit innblikk i dei gode historiene om Ivar Aasen, dei får sjå tinga hans og blir meir kjende med kven han var og kva han gjorde. Etter omvisinga kan dei vere med på oppdagingsferd i utstillinga, eller elevane kan gå rundt fritt sjølve.

Omvisingstilbodet varer i om lag 90 minutt, men vi kan tilpasse lengda på opphaldet slik de ønskjer det. Tilbodet gjeld alle klassetrinn.

Matpause
Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand.  

Prisane gjeld for gruppebestilling av ein meny. Gruppene må bestille på førehand og velje lik meny for alle deltakarar.

Tunblings med Snøfrisk og tunpølse 75 kr
Tunpizza (1 person) 80 kr

Prisar

Skuleelev 30 kr
Barnehageborn* Gratis

Bok på 1-2-3

I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker. Undervisingsopplegga finn du her.

– Vi ønskjer at Bok på 1–2–3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

Ni barnebøker
I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret. – Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.

Boktipsa og undervisningsopplegga vil vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider utover dette.

Formidlar Ida Aarflot Kornberg i Aasen-tunet og prosjektleiar Guro Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Foto: Ingvild M. Hovden
Formidlar Ida Aarflot Kornberg i Aasen-tunet (i permisjon) og prosjektleiar Guro Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Foto: Ingvild M. Hovden

Tverrfagleg
Bok på 1–2–3 er i hovudsak laga for barneskulen. – Vi ønskjer å vise korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur, seier Gjøsdal og Kornberg.

Til den første boka, Arkimedes og brødskiva, er det laga eitt opplegg for 1.–4. steg og eitt for 5.–7. steg. Bøkene og delar av undervisningsopplegga kan også nyttast i ungdomsskulen.

– Biletbøker er ikkje berre for dei yngste elevane. Bøkene inviterer også til analyse av tekst og bilete for dei eldste i grunnskulen, seier dei.

Pressemelding av Nynorsksenteret. 

For meir informasjon, ta kontakt med formidlar Ingeborg Kristvik ingeborg.kristvik@aasentunet.no eller prosjektleiar Guro Gjøsdal guro@nynorsksenteret.no

Den kulturelle skulesekken

I dag har Ivar Aasen-tunet to produksjonar som reiser på turné med Den kulturelle skulesekken i fleire av fylka våre.

Dei to produksjonane vi har i dag er «Lurivar og det hemmelege skrinet» for småskuletrinnet og «Snakk om språk!» for ungdomstrinnet. Vi har vore med i Den kulturelle skulesekken sidan 2004. Skuleåret 2018/2019 var produksjonane våre på turné i Møre og Romsdal og Buskerud.

Dei to framsyningane er også moglege å bestille for andre som ønskjer det. Ta kontakt med oss for meir informasjon og for å gjere avtale.

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk